Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Jordbruk

Uttak av torv i Gol

Grunneigar som ynskjer å ta ut og/eller selje torv frå dyrka eller dyrkbar mark må søke Gol kommune om løyve etter § 9 i jordlova.

Søknad om uttak av torv

Send søknaden til Gol kommune. Legg ved eit kart der arealet er teikna inn og målt opp. Kart kan enklast hentast på kartverket.

Bakkeplanering

Reglar for bakkeplanering står i kapittel 4 i forureiningsforskrifta. Det vert rekna som planering etter denne forskrifta når det vert flytta masse som berører eit areal på minst 1,0 dekar. Alle anlegg må være innretta slik at det ikkje oppstår forureining. Planeringsfelta skal vera utført i samsvar med Tekniske retningslinjer for anlegg, drift og vedlikehald av planeringsfelt fastsett av Landbruks- og matdepartementet.

Det er søknadsplikt for anlegg av planeringsfelt. Før planlegging av planering vert sett i gang skal det sendast ein forenkla søknad til kommunen.
Søknaden sendes til kommunen og skal innehalde kart.
Viktige natur/terrenginngrep, bekkelukkingar o.a. skal merkast av på kartet. Kommunen avgjer på bakgrunn av den forenkla søknaden om planeringa krev løyve etter forskrifta. Eigar og brukar av areal som er eller blir planert, er ansvarlig for at reglar om bakkeplanering med tilhøyrande retningslinjer vert følgt. 

Nydyrking

Nydyrking skal godkjennast av kommunen før igangsetting. Det gjeld uavhengig av storleiken på arealet.
Søknad om nydyrking skal sendast kommunen på eige søknadsskjema. Ved søknaden skal det leggjast ved kart som viser det planlagde nydyrkingsarealet, eigedomen og området omkring, Kart kan enklast hentast på kartverket.
Ta kontakt med avdeling for Landbruk og miljø dersom du har planar om nydyrking. Kommunen sender alle søknader om nydyrking på høyring til Buskerud fylkeskommune. Ofte ønskjer dei å foreta synfaring, spesielt dersom det er registrert kulturminne i området tidlegare. Dersom nydyrkinga kan berøre vesentlege miljøverdiar vert saka også sendt på høyring til Fylkesmannen. Uttalefrist er minimum 1 månad. Dersom nydyrkinga omfattar meir enn 14,9 dekar over ei 5-årsperiode vil tiltakshavar få krav om å dekke kostnadene til ev. kulturminneundersøking, jf. rundskriv T/2/99.

Det er Utval for natur og næring som avgjer søknader om nydyrking i Gol kommune.
I kurante saker under 10 dekar kan administrasjon gjere vedtak.

Søknadsskjema og rettleiing til søknad finn du her. 

Husdyrgjødsel, silopressaft og avløpsslam

Reglar for bruk og oppbevaring av husdyrgjødsel, silopressaft og avløpsslam er heimla i Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav. Del III, kapittel 6 og 7, i forskrifta omhandlar lagring og bruk. Bruk av husdyrgjødsel, silopressaft og avløpsslam skal inngå i gjødslingsplan, jf forskrift om gjødslingsplanlegging. Husdyrgjødsel kan berre spreiast på godkjent spreieareal.
Spreiing skal så langt det er mogleg skje i vekstsesongen frå våronnstart til 1. september. Det er forbode å spreie husdyrgjødsel, avløpsslam og silopressaft på snødekt og frossen mark, og i perioden frå og med 1. november til og med 15. februar.

I perioden mellom 1. september og 1. november er det berre lov å spreie gjødsel for nedmolding. Husdyrgjødsel spreidd på open åker skal moldast ned straks, og seinast 18 timar etter spreiing.


Kommunen kan i særlege tilfelle dispensere frå reglane om bruk og lagring, med unntak av visse reglar for avløpsslam, jf. § 31 i forskrifta. For bruk av avløpsslam er det spesielle reglar, jf § 25 i forskrifta. 

Meir informasjon om bruk av avløpsslam finn du på nettsidene til Miljøretta Helsevern Hallingdal. Her finn du også meldeskjema som skal sendast kommunen seinast 14 dagar før første levering av slam. For meir informasjon ta kontakt med kommunen, avdeling for Landbruk og næring.

Treng du nye jordprøver?

Jordprøvene er grunnlag for gjødslingsplanen din og skal ikkje vera eldre enn 8 år.  Treng du å ta nye jordprøver så har landbrukskontoret jordbor til utlån, samt prøveboksar og eskar du kan nytte for innsending av prøvene. 

Kva er Inn på tunet

Inn på tunet (IPT) er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje grunnlag for meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som nyttast til jord-, skog- eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der.

Alle passar ikkje inn i "systemet" og treng eit eige opplegg for å utvikle seg og å meistre livet sitt. Gardsmiljøet har mange mogelegheiter. I tillegg til gardsdrifta kan aktivitetar som snekring, husflid, baking og produksjon av ulike produkt vere ein del av tilbodet.

I Hallingdal er det fleire bønder som har teke helse, miljø og sikkerheitskurs (HMS-kurs) og Inn på tunet kvalitet- og tryggleikskurs.
Nokre har starta har Inn på tunet tilbod på garden sin, mens andre er interesserte i å starte.

Er du interessert eller veit om nokon som kan ha nytte og glede av dette tilbodet?

Inn på tunet gir mogelegheit for folk i alle aldrar!

Merking av dyr på utmarksbeite

Kvar sommar er det ca 4 400 sau på utmarksbeite i Gol kommune. Igjennom Gol beitelag SA samarbeidar alle sauebøndene om tilsyn og sank.
All sau har øyremerke for identifikasjon. Ved bruk av forskjellige fargekombinasjonar skil sauebøndene sine dyr i frå dei andre.
I tillegg til øyremerkefarge er det prega inn namn og telefonnummer i øyremerkene. Sjå difor både på innsida og utsida av merket etter informasjon.

Denne informasjonen skal være til hjelp for å finne eigar hvis du skulle koma over eit dyr i utmarka som trenger hjelp, er på feil stad, eller har omkome.

I dette skrivet finn du oversikt på kven som har sauer på dei ulike beiteområda. Det er også oversikt på dei ulike øyremerkingane og kven du skal henvenda deg til.

Gol beitelag SA, Asle Bråtalien

Beitebruksplan for Gol kommune

Kommunestyre vedtok i møte 27.5.2014, sak 26/14 beitebrukslan for Gol kommune. Beitebruksplan har status som sektor plan, forankra i Handlingsplan for landbruket i Gol.

Beitebruksplan

Kart, reguleringsplan, kommuneplan, beiteområde og svært gode beiter, Gol

Oversiktskart Gol

Golsfjellet vest

Golsfjellet aust

Skaraåsen

Søråsen

Kart over lausmassar og beitebruk

Oversiktskart over Gol

Golsfjellet aust

Golsfjellet vest

Skaraåsen

Søråsen

Berggrunnskart og beitebruk

Oversiktskart over Gol

Golsfjellet aust

Golsfjellet vest

Skaraåsen

Søråsen

Temakart beite på Golsfjellet

Beitebruk og vegetasjon svært godt eigna for sau og storfe

Vegetasjonskart Golsfjellet

Beite til storfe Golsfjellet

Beite til småfe Golsfjellet

Kontaktinformasjon

Landbrukskonsulent

Tove Solheim
Epost tove.solheim@gol.kommune.no
Telefon 32 02 90 75
Arbeidstid kvar måndag, tysdag og onsdag

Landbrukskonsulent

Ingvild Sundgot
Epost ingvild.sundgot@gol.kommune.no
Telefon 32 02 90 74
Arbeidstid kvar måndag og onsdag, og fredagar i partalsveker