Om handlingsplan for landbruket
Planen skal synleggjere landbruksnæringa sitt mangfald i høve til lokal verdiskaping, sysselsetjing, busetnad og kulturlandskap. Planen skal vidare stimulere til syssesetjing og eit aktivt framtidig landbruksmiljø i kommunen.
Handlingsplan for landbruket er vedteke 07.09.2010 i kommunestyret i sak 50/10.
Varsel om start av handlingsplan for landbruket i Gol
Gol kommune skal utarbeide ny handlingsplan for landbruket i Gol. Den vil erstatte Revidert handlingsplan for landbruket i Gol, vedteken i kommunestyret 07.09.2010. Gol kommune varslar med dette start av arbeidet.
Handlingsplanen er ein fagplan. Den skal ta opp nasjonale føringar og konkretisere lokale mål for landbruket i Gol. Planen skal vere eit styringsverktøy for administrasjonen og for politikarar.
Hovudmålet med arbeidet vil vere å legge til rette for utvikling av landbruket på Gol, med satsingsområde og tiltak som landbruksnæringa og kommunen kan samarbeide om. Det vil og vere viktig å dra inn kryssande interessefelt som turisme og jakt. Landbruk er ein arealkrevjande næring og det kan fort oppstå interessekonfliktar om ein ikkje samarbeider på tvers.
Tema som kan vere aktuelle i planarbeidet er:
- konkurransedyktig landbruksrelatert næring
- berekraftig landbruk
- jordvern
- bruksstruktur og leigejord
- rekruttering
- skogbruk
- kryssande interesser innan same areal