Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Felling av tre på kommunal grunn

Hogst/rydding på kommunaltfriområde

Vi får mange førespurnader frå innbyggarar som ønsker at kommunen feller eit eller fleire tre på areala våre.

Kommunen fjernar som regel tre sjølv berre dersom det er umiddelbar risiko for skade på eigedom eller menneske. Felling av tre som skygger for sol eller utsikt er normalt ikkje ansvaret i kommunen eller oppgåve.

Skogen i friområdet er òg naboen sin skog, det betyr at bebuarane som blir involverte av hogst i friområdet skal uttale seg. Viss alle er einige så kan ein gjere hogst, viss ein av naboane er ueinig så må vi sjå nærare på saka. Ved semje så kan naboløyvet vere skriftleg, så slepp ein spørsmål i ettertid.

På din eiga tomt kan du plante og hogge dei tre du måtte ønske, men ved planting av tre så må du hugse på at dei vil vekse og vil kunne komme til sjenanse for naboen, jf. § 3 i nabolova.

Tre på andremann sin eigedom

På privat eigedom er det grunneigar som har råderett, og på kommunal grunn er det kommunen som er grunneigar. Viss det gjeld tre på naboeigedommar, må ein i første omgang komme til semje med grunneigar. Dersom ein ikkje kjem til semje, må ein sjå til nabolova for å finne ut korleis ein skal avgjere saka. I hovuddrag skal det vere større ulemper enn fordeler med å la treet stå for at nabolova skal gi gjennomslag i ønsket om felling i slike saker.

Informasjon til deg som vil ha tre fjerna frå kommunal grunn

Gjennomføring

Fellinga av tre vil normalt bli gjennomført på ein av følgande måtar:

  • Velforeiningar/bebuarar i bustadfelt feller trea sjølv, får veden og ryddar området.
    • Leikeplassar, friareal ol.
  • Kommunen feller trea av sikkerheitsgrunnar. Behovet må vurderast i kvart enkelt tilfelle.
  • Kommunen feller og ryddar. Gjeld for eksempel kommunalt driftede parkar, kommunale vegar ol.

Kva kostar det?

Det er du som bebuar/velforeining som må dekke kostnadene for tiltaket, viss ikkje anna er blitt avtalt. Dersom du ikkje ryddar slik som det er krav om, må du òg dekke kommunen sine kostnader.

I nokre tilfelle dekker kommunen kostnadene ved trefelling, for eksempel når tre må felles av sikkerheitsmessige omsyn.

Ansvar

Den som utfører jobben må ha nødvendig kunnskap og utstyr, og jobben skjer på eige ansvar for seg sjølv og omgivnadene. Det blir føresett at avfall etter hogsten blir rydda og fjerna. Tre som må hoggast ned i delar, eller står i vanskelege omgivnader, skal felles av profesjonelle.

Klipp hekk og busker (PDF)