Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Bandtvang, hundehald

Om bandtvang i Gol kommune

Ordinær bandtvang i Gol kommune er f.o.m 1. april t.o.m 20. august.

I tillegg har kommunstyret vedteke utvida bandtvang f.o.m 21. august t.o.m 30. september (lovdata.no) av omsyn til beitande husdyr.

Av omsyn til menneske er det også vedteke bandtvang i alle tråkkemaskinpreparerte skiløyper i juleferie, vinterferie og påskeferie. Når hund er med skal den ikkje vere til hinder for andre brukarar.

Når det er mykje snø og vanskelege tilhøve for viltet, kan det innførast ekstraordinær bandtvang.

Her kan du lese meir om lov om hundehold (lovdata.no)

Likevel kan du bruke hund under jakt, da hundelovas § 9 har unntaksbestemmelse frå båndtvangspåbudet. Bruk av hund under jakt er ein av disse, likeså jakttrening.
Lovdata - hundelova (lovdata.no)

Kontaktperson

Miljøvernrådgjevar
Jørn Magne Forland
Telefon: 32 02 90 76
E-post: jorn.magne.forland@gol.kommune.no