Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Venskapskommunar

Venskapskommunesamarbeidet

Har som føremål å fremje venskap og forståing mellom kommunane, skape kontakt mellom innbyggjarane i kommunane samt utveksle kunnskap og erfaringar kommunane imellom.

Venskapskommunesamarbeidet skal skje gjennom kontakt mellom eksempelvis kommunale utval og kommuneadministrasjonen, skular, næringsliv, frivillige organisasjonar og enkeltpersonar.

Venskapskommunesamarbeidet kan omfatte område som kultur, historie, utdanning, miljø, næringsliv, idrett og turisme.

Venskapskommunar

Town of Bracebridge ligg i distriktet Muskoka i Canada. Under 2. verdskrigen husa distriktet Vesle Skaugum - ein kombinert rekruttskule og fritidsleir for mannskapa som var i Camp Little Norway. Som "erstatning" for Vesle Skaugum i Muskoka blei Vesle Skaugum på Golsfjellet opna i 1953.

Som vertskapskommunar for Little Norway og Vesle Skaugum har Town of Bracebridge og Gol kommune inngått ei avtale om venskapssamarbeid.
Les avtala her.

Her finn du meir informasjon om Town of Bracebridge.