Treng du barnevakt?
Unge hjelparar – barnevakt er ein gjeng engasjerte og ansvarlege ungdommar som gjerne hjelper familiar på Gol med barnepass.
Vi har samla 16 flinke og omsorgsfulle ungdommar 13–18 år. Alle ungdommane har delteke på barnevaktkurs i regi av helsesjukepleiar i Gol kommune. Ungdommane har lært grunnleggande kunnskap om barnepass, stell og trygg omsorg for barn.
Om tilbodet
Unge hjelparar – barnevakt er eit tilbod til småbarnsfamiliar i kommunen som har behov for barnepass ved behov. Tilbodet er organisert gjennom frivilligsentralen til ungdommen, som fungerer som koordinator av barnevaktene. Dette betyr at føresette tek kontakt med frivilligsentralen til ungdommen og blir deretter kopla opp mot ei barnevakt.
Kurset handla blant anna om:
- Daglege rutinar for barn
- Aktivisering og leik
- Korleis handtere situasjonar der barn blir sjuke
- Rolleforståing og ansvar som barnevakt
Barnevaktene kan passe fleire barn samtidig. Dersom det er mange barn, kan det vere hensiktsmessig å avtale at fleire barnevakter deler på oppgåvene. Dette blir avtala mellom føresette og frivilligsentralen.
Kva oppgåver kan barnevaktene utføre?
Barnevaktene kan komme heim til familien og passe barna. Etter avtale kan dei blant anna:
- Hente barn i barnehage eller SFO
- Lage enkel mat
- Leike og aktivisere barna
- Hjelpe med stell
- Legge barn
- Vere til stades når barna søv
Det er viktig at barnevaktene får tydelege instruksar om oppgåver og ansvar, og at føresette er tilgjengelege mens barnevakta er på jobb.
Kva kostar det å bruke barnevakt?
Avtale om ansvar, varigheit og betaling blir gjort direkte mellom føresette og barnevakta før oppdraget startar. Unge hjelparar – Barnevakt har følgande rettleiande satsar:
- Pass av 1 barn: kr 120 per time
- Pass av 2 barn: kr 150 per time
- Pass av fleire barn: etter avtale
Kontakt
For bestilling av barnevakt eller meir informasjon om tilbodet ta kontakt med frivilligsentralen til ungdommen:
E-post: are.haukaas@gol.kommune.no
eller på telefon: 992 87 863 (0800–1600 på kvardagar)