Innvandrartenesta
Innvandrartenesta i Gol kommune består av integreringsteneste og vaksenopplæring.
Integregreringstenesta held til i Gol kommunehus, medan Vaksenopplæringa held til i Læringssenteret Hallingdal, tidlegare Gol ungdomsskule.
Vaksenopplæringa
Vaksenopplæringa ved Hallingdal Læringssenter har ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for busette flyktningar og familiesameinte i Gol, Hemsedal, Nes og Flå kommune.
Vaksenopplæringa tilbyr også norskopplæring for arbeidsinnvandrarar og andre med behov for å læra norsk språk.
Meir informasjon om Gol vaksenopplæring (gol.kommune.no)
Integrering av flyktningar i lokalsamfunnet
Etter oppmoding frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), har politikerane i Gol og Hemsedal vedtatt å busette til saman 40 flyktningar i løpet av 2023.
I tillegg til at norskopplæringa har ei sentral rolle i at flyktningar og innvandrerar generelt skal kunne integrerast på best mogeleg måte, er arbeidet med integrering eit breitt felt der ulike etatar, næringsliv, fagfelt og organisasjonar treng å arbeide samen for eit felles mål: å få så gode kunnskapar som mogleg om det norske samfunnet, å kunne delta aktivt i samfunnslivet og å få ei varig tilknytning til norsk arbeidsliv.
Å kunne treffe andre innbyggjerar og å delta i fritidsaktiviteter arrangerte av frivillige lag og organisasjonar, er av stor verde.
Dei aller fleste flyktningane som i dag blir busette i Hallingdalskommunane og i landet for øvrig er kvoteflyktingar (overføringsflykningar) som kjem direkte til kommunen dei har vorte tildelt, frå blant andre Eritrea, Kongo og Syria.
Å integrere flyktningar i lokalsamfunnet vårt krev eit systematisk arbeid, både her og no og på lang sikt.
Overgangen er for mange krevande, og me oppmodar alle om å ta godt imot både nye og tidlegare ankomne flyktningar og innvandrerar.
Skilnad på flyktning og asylsøkjar
Ein flyktning er ein person som fyller krava til å få vern (asyl) i Noreg, og har fått vedtak om det frå utlendingsforvaltninga, desse personane blir tatt hand om av kommunens integreringsteneste.
Asylsøkjar er ein person som har søkt om vern (asyl) i Noreg, og ikkje har fått søknaden sin endeleg avgjort, desse personane blir tatt hand om av asylmottaket, og UDI eller UNE.
Kontaktinformasjon
Integreringskonsulent
Sofia Breig
Telefon: 902 29 369
E-post: sofia.breig@gol.kommune.no
Intergreringskonsulent
Habtom G. Weldegebriel
Telefon: 902 35 028
E-post: habtom.gebrehiwet.weldegebriel@gol.kommune.no
Intergreringskonsulent
Mohammed Ibrahim Ahmed
E-post: mohammed.ibrahim.ahmed@gol.kommune.no
Integreringskonsulent
Hanna Nordahl
Telefon: 969 40 198
E-post: hanna.nordahl@gol.kommune.no
Integreringskonsulent
Marte Lilleaas
Telefon: 482 65 464
E-post: marte.lilleaas@gol.kommune.no