Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Gol bygdemuseum

Gol bygdemuseum

Gol bygdemuseum ligg på garden Skaga, som er ein av de eldste gardane i Gol.
Her kan du vandra blant gamle trehus i eit vakkert kulturhistorisk miljø.

Museet er også utgangspunkt for fleire fine naturstigar i området, og tunet kan besøkast heile året. På sommaren er tunet også opent med omvisar, og ein har då mogelegheit til å ta ein titt inne i husa.

Museet ligg i Golreppen ovanfor Hallingdal folkehøgskule.
Det finns ein liten parkeringsplass ved museet, ellers kan ein også gå frå sentrum av Gol. Dette tek ca. 30 minutt.

Den siste bonden på Skaga overlet garden til Hallingdal høgskulelag, som bygde folkehøgskule her i 1958.
Det gamle tunet med innbu vart omgjort til et museum - med stugu, loft, stolpehus, låve, stallar med trev, eldhus og skåle.

Museet har seinare vorte utvida med badstugu (fra Trondsgard) og kvernhus (fra Brennhovd), stølsbu med fjøs (fra Turhusvollen på Habbeset) og fôrløe (fra Sjauset), og den gamle skulestova fra Grønlio. Dei fleste husa er frå 1800-tallet, loftet er frå 1750.

Museet består derfor i dag av to område som ligg ved siden av kvarandre med ein liten stig imellom.

Gol Bygdemuseum vert drifta av Hallingdal museum.
Ta gjerne kontakt med museet dersom de ynskjer gruppeomvisning.

Museet er også veldig positive til samarbeid med frivillige, lag, og andre kulturaktørar, så ta gjerne kontakt for mogeleg samarbeid eller ynskje om arrangement på Gol bygdemuseum.

Telefon: 32 07 14 85
E-post: hallingdalmuseum@buskerudmuseet.no

For meir informasjon:
Gol bygdemuseum (buskerudmuseet.com)

Gol Museumslag

Gol Museumslag er ein venneforening for Gol bygdemuseum.

Kulturminner

Få hjelp til å sette i stand ditt kulturminne

Gjennom Kulturminnefondet kan private eigera få støtte til tiltak for å bevara sine verneverdige kulturminner. Også frivillige lag og foreiningar, anten de eiger kulturminna sjølv eller forvalter dei på vegne av andre, kan søkje.

Sidan Kulturminnefondet ga sine første tilskot i 2003, har nærare 5000 prosjekt fått støtte på til saman 780 millionar kroner. 

Kva støttast?

Kulturminnefondet støttar tiltak på alle typer faste kulturminner, som hus og bygningar, fartøy, hageanlegg og kulturlandskap. I våre prioriteringar legg vi vekt på kommunas kulturminneplanar, med formålet om at eit mangfald av landets kulturminner blir bevart og teke i bruk i framtida for felles opplevelse, kunnskap og verdiskaping.

Her kan du lese meir om våre prioriteringar og spørsmål me ofte får.

Løpende søknadsfrist

Tidligere har det vore ein årlig søknadsfrist, men no er denne løpande.

Det betyr at private eigera når som helst kan sende Kulturminnefondet en søknad.

Her finn du Kulturminnefondets søknadsportal og rettleiing til søknaden.