Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Gol bygdearkiv

Gol bygdearkiv

Gol bygdearkiv er eit lokalhistorisk arkiv som skal samle inn, ordne, registrere og ta vare på arkivsaker frå bedrifter, institusjonar, organisasjonar og privatpersonar, fotografi, film-, video-og lydbandopptak,stadnamn og elles kopiert og trykt materiale med tilknytning til kommunen.

I arkivet er også ei utstilling med gjenstandar frå 2. verdskrig samt ei utstilling over gamalt fotoutstyr.
Gol bygdearkiv ligg i underetasjen på Gol kommunehus.

Opningstid

Mandagar og torsdagar 10 - 14
Kontaktperson Wigger Liahagen
Telefon 32 02 90 03.

Spørsmål til arkivet utanom opningstida kan rettast til Gol kommune ved kulturavdelinga eller Tenestetorget på telefon 32 02 90 00.

Styret for Gol bygdearkiv 2019-2023

Wigger Liahagen, leiar
Torstein Brøto, nestleiar
Kari Anita Brenna
Hedvig Lien

Varamedlemmer:
Arne Braathen
Roger Toppen
Ingebjørg Rivedal

Representant frå utval for kultur og levekår:
Gunn Ragnhild Stigen med Iver Ransedokken som varamedlem

Styret for Gol bygdearkiv er underutval til Utval for kultur og levekår.
Kulturleiar er sekretær for styret.

Reglement for Gol bygdearkiv

Reglement for styret for Gol bygdearkiv

Vedtekter for Gol bygdearkiv

Brukarreglar for Gol bygdearkiv

Gamle bileter frå Gol

Bestilling av bilete frå Gol bygdearkiv send e-post til gol.bygdearkiv@gol.kommune.no
Telefon 32 02 90 03

Oppgi namn, adresse og e-postadresse

  • - Kva du skal bruke biletet til - om det er til privat eller kommersielt føremål
  • - Eventuelt referansenummer frå Digitalt Museum.
  • - Pris etter avtale.

Ved bruk av bilete skal kjelde alltid oppgjevast

Vil du sjå fleire gamle bilete frå Gol kan du gå inn på Digitalt Museum eller ta kontakt med Gol bygdearkiv, som ligg i underetasjen på Gol kommunehus.