Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Friluftsliv

Om kartlegging av friluftsområder
UNN gjorde våren 2015 vedtak om at Gol kommune skal kartleggje og verdsette alle friluftsområda i kommunen.
I november arrangerte  Buskerud fylkeskommune eit oppstartsseminar for alle kommunane i fylket som ynskjer å bli med i fyrste runde.
I Hallingdal er Hol, Ål, Gol og Nesbyen med.
 
Arbeidsgruppa bestod av 
  • Finn Terje Bøe, frisklivsleiar (Helseavdelingen)
  • Mads Elbrønd, kulturkonsulent (Kulturavdelingen)
  • Torleiv Torgersen, GIS-konsulent (Utbyggingsavdelingen)
  • Jørn Magne Forland, miljøvernrådgjevar (Landbruk og Miljø-avdelingen) – Prosjektleder
Turar i Gol

I Gol fins det varierte moglegheiter for både korte og lengre turar, turar som er lette og turar som er meir krevjande.
Det er utarbeidd eit turkart for sentrumsnære turar, og på www.ut.no er fleire av desse turane nærmare skildra.

Golsfjellet, Nystølfjellet, Søråsen og Skaraåsen har også eit breidt spekter av mogelegheiter, både sommar og vinter. På heimesida til Visit Gol, www.golinfo.no fins det god informasjon.

Informasjonshefte om turar i Gol

Glitre friluftsområde

Alle golingar kjenner til Mobrua og tilreisande finn lett fram til området. Det er klart avgrensa og egnar seg godt til opphald og aktivitet. Dei siste åra har det vorte gjort mykje for å betre tilgjengelegheita.

Store delar av området er universelt utforma etter Norsk standard for uteområder.

Sikkerheit på campingplassen

Informasjonshefte

Sikkerhet-pa-campingplassen