Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Følgjebevis

Følgjebevis eller ledsagerbevis er eit tilbod til deg med fysiske eller psykiske funksjonshemmingar. Kortet gjer deg rett til å ha med følgje gratis, der dei godkjenner ordninga. Du kan mellom anna bruke kortet på ulike kultur -og fritidsarrangement og offentlig transport.

Kva er følgjebevis?

Beviset gir funksjonshemma som er avhengig av ledsager for å ta del i fritids- og kulturarrangement/-aktivitetar høve til å ta med seg ein ledsager utan å betale for denne personen.
Den funksjonshemma betalar sjølv ordinær billett.

Innehavaren av følgjebeviset kan bruke dette i Gol kommune ved alle kommunale kultur- og fritidsarrangement/-tiltak.

Ved tildeling av følgjebevis vil det bli opplyst om kvar ordninga gjeldt.

Følgjebeviset kan også brukast utanfor den kommunen du bur i, og det kan brukast på kollektivreiser.

Tildeling

Personar som p.g.a. ein fysisk eller psykisk funksjonshemming er avhengig av ledsager på arrangement/aktivitet kan søkje.
Brukaren må vera registrert i folkeregisteret i Gol kommune.
Det må søkjast på eige skjema, som skal sendast Gol kommune, postmottak.

Søknadene vil bli behandla av kulturavdelinga, som også sender ut følgjebevis til godkjente søkjarar.

Elektronisk søknadskjema (skjema.no)

Søknadsskjema i papir (PDF)

Her kan du bruke følgjebevis i Gol
  • Arrangement i regi av Gol kommune
  • Symjehallen i Gol samfunnshus
  • Klubb 1
  • Gol bygdemuseum
  • Gol reisemål As
  • Arrangement i regi av Gol idrettslag (unntatt arr. med servering)
  • Arrangement i regi av Gol spel-og dansarlag
  • Arrangement i regi av Hallingdal folkehøgskule
  • Arrangement i regi av Gol helselag
  • Arrangement i regi av Gol frivllighetssentral
  • Arrangement i regi av kyrkjemusikkomiteén
  • Arrangement i regi av Gol ungdomslag (ikkje kurs)
Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar
Mads Elbrønd
Telefon: 409 16 449
E-post: mads.elbrond@gol.kommune.no