Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

MOT

Dette er MOT

Stiftelsen MOT Norge er non-profit og uavhengig både religiøst og politisk. Organisasjonen er fundamentet for å virkeliggjere MOT i Norge.

MOT Norge sitt viktigaste ansvar er finansiering, vekst og gjennomføring og implementering av MOT-konseptet på skular og i kommuner.

MOT arbeider for å utvikle robuste ungdommar og klassekulturar der alle er inkludert.
Dette trur me er nøkkelen til å skape eit varmare og tryggare samfunn.

MOT førebyggjer og beskyttar mot dei mest negative utslaga i ungdomstida.
7 av 10 ungdomar som har MOT på skulen seier at MOT hjelper dei med å væra seg sjølv, og at MOT bidreg til eit klassemiljø der ingen er utanfor.

MOT sine verdiar

  • MOT til å leva
  • MOT til å bry seg
  • MOT til å si nei

Fremragande MOT-coacher gjennomfører kvart år fleire engasjerande MOT-økter som vert kjennetegna ved involvering, tillit og energi.
Ungdomane sjølv er sentrale og delaktige.

MOT-coachene formidlar enkle livsverdiar og dei gir rom for alle ungdomar.

Meir informasjon finn du på MOT si heimeside (mot.no)

12 MOT-økter fordelt på trinn, med ulike tema
8. klasse
1. Vis mot
2. Forventingar
3. Fokus
4. Dialog
5. Eigenstyrke
6. Verdifull
9. klasse
7. Valg
8. Draumar
9. Forbildar
10. klasse
10. Tryggheit
11. Verdibevisst
12. Framtid
Kontaktinformasjon

Ungdomskonsulent
Anette Black
Telefon: 484 33 705
E-post: anette.black@gol.kommune.no

MOT - coach på skulen er Karl Fredik Sjøli