Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Klubb1

Klubb1 er ein open ungdomsklubb for ungdom mellom 13 og 18 år med lokale i kjellaren på Breidokk barnehage.

Aktivitetar

Klubb1 er ein rusfri stad der ungdommen skal føle seg trygge og ivaretatt. På Klubb1 er det biljard, airhockey, datamaskinar, spelkonsollar, videokveldar, TV med mange kanalar og ikkje minst eit utruleg bra discoanlegg.

Så her er det berre fantasien som stoppar for aktivitetar.

Dei har ein eigen kiosk der det blir seld varm mat, brus og diverse godteri til låge prisar.

Klubb1 har egne retningsliner for Gol ungdomsklubb (PDF)

Opningstider

Tysdagar frå klokka 18.00 - 22.00

Fredager frå klokka 18.30 - 23.00

Foreldre er hjarteleg velkommen innom til ein kopp kaffe og ein prat!

Leige av lokala

Klubb1 leiger ut lokala sine til klassefestar og fødselsdagar.
Leien er på kr. 750,- med musikk/DJ kostar det kr. 200,- ekstra.

For booking eller spørsmål kontakt Trond Johansen.

Musikkverkstad

Gol har fått ein ny musikkverkstad som heldt til på ungdomsklubben – Klubb1. Musikkverkstaden heiter sc1en.

Det er for alle dei som likar bandmusikk eller kan spele eit instrument.
Det er gratis å  kome på musikkverkstaden.

Musikkverkstaden er drive som eit prosjektsamarbeid mellom Frivilligsentralen Gol og ungdomsklubben.

For meir informasjon ta kontakt med Trond Johansen eller kom innom på ein klubbkveld.

Kontaktinformasjon

Klubbleiar
Trond Johansen
Telefon: 970 03 509
E-post: trond.johansen@gol.kommune.no