Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Gratis dansekurs i sommer!

Plakat for dansekurs

Er du mellom 6–18 år og bur i Gol kommune? Då synest eg du skal melde deg på dansekurset vårt denne sommaren! 💃🏽

Mitt namn er Marte, og eg kjem frå Ål. Eg elskar musikk og dans, og diggar å forsvinne inn i dansebobla! Dette ønsker eg å dele med de!🫧

Kurset kjem til å bestå av ein klasse kvar dag, i tillegg til ei lita visning siste dagen for foreldre og dei andre gruppene. Målet er å ha det gøy og la dansegleda blomstre. 🌸

Kurset skjer i veke 27 måndag 30/6 – torsdag 3/7, og finn stad i spegelsalen i Gol idrettsarena.

Vi fordeler dei påmelde i grupper, og det har ikkje noko å seie kva for eit du kjønn du har eller kor mykje du har dansa før. Her skal vi berre leve oss inn i musikken og lage god stemning.❤️

Tilbodet er heilt gratis, og det er førstemann til mølla! Vi kan ta imot ca. 40 deltakarar til saman.

Alt du treng å gjere er å melde deg på via QR-koden eller denne linken:
https://forms.gle/U4VoUmLFcaA4H9N39

Påmeldingsfrist: 15. juni

QR-kode