Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Filmkurs - vil du lære å lage film?

9f8387bd-0405-4ef2-9021-7788f2d8c587.jpg

Har du ein historieforteljar i magen? Ønsker du å lære korleis ein lagar film? 11 – 14. august arrangerer filmskaparane Maren Køgel Mandt og Levi Dubland eit filmkurs for deg som synest film er kult og vil teste ut korleis ein lagar det.

I løpet av kurset vil de ha blitt lært opp i elementære forteljarteknikkar, sett film og laga ein kortfilm på 3–5 minutt. Du kan lage actionfilm, drama eller dokumentar – det er heilt opp til deg og kva du synest er gøy! De vil få delt ut utstyr som passar til mobilen deira og de vil jobbe i team på ca. 3 stk. 

På ettermiddagen/kvelden 14.august vil vi gjere klart for filmpremiere på alle kortfilmane i Gol. Meir informasjon om dette kjem. 

Lunsj er inkludert kvar kursdag og gratis! 

Dette kurset eignar seg for deg mellom 11 – 17 år. 

Spørsmål om kurset kan sendast til: maren.mandt@hotmail.com

Påmeldingslenke:
https://forms.gle/k9RTCThia3iDSRAa7

Påmeldingsfrist: 1. juli