Kva er transportteneste
Tilrettelagt transport (TT) er eit tilbod om alternativ transport for deg som ikkje kan bruke kollektivtransport på grunn av nedsett funksjonsevne eller sjukdom. Det er inga lovfesta individuell rett til TT-teneste.
Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for ordninga og som fastset kriteriane for kven som kan få TT-kort.
Du finn informasjon om korleis du søkjer TT- kort på nettsida til Fylkeskommunen.
Søk om TT-kort (tilrettelagt transport) - Buskerud fylkeskommune
Kven kan søkje
Du kan få TT- kort dersom:
- Du ikkje kan reise kollektivt på grunn av funksjonsnedsettelse som er livsvarig eller varer lenger enn to år.
- Du har folkeregistrert adresse og er busatt i Buskerud.
- Legen din har sendt inn legeerklæring om kvifor du treng TT-kort. Merk at du også må sende inn søknad om TT - kort på eige skjema.
Du får ikkje TT-kort dersom du:
- Disponerer eigen bil og kan køyre sjølv.
- Får grunnstønad til transport eller bilstønad frå NAV.
- Er under 10 år.
- Har vanskar med å bære varer, bagasje eller anna mellom heim og stoppestad.
- Har begrensa tilbod av offentleg transport på heimstaden.
Har du fast plass på sjukeheim må du eller fastlegen din beskrive i legeerklæringa konkret kva for transportbehov du har som ikkje vert dekt av kommunen.
Korleis søkjer du?
Du kan søkje ved å sende inn dette søknadsskjema: Søknad om TT-kort i Buskerud eller du kan søkje elektronisk ved innlogging på denne sida: Søk om TT-kort (tilrettelagt transport) - Buskerud fylkeskommune
Du må søkje etter at legen din har sendt inn legeerklæring.
Praktiske opplysningar
Du får tilsendt eit elektronisk kort med innvilga beløp som skal brukast i drosja. Har du fått innvilga transportteneste, treng du ikkje å søkje på nytt neste år.