Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Støttekontakt

Støttekontaktordninga er ei teneste som skal hjelpa den einskilde til ei meiningsfull fritid eller kan gje råd om gjeremåla i dagleglivet.

Tyngdepunktet i oppgåvene til støttekontakten ligg i kontakt og støtte etter brukaren sine ønske.

Støttekontaktverksemda vert utøvd av privatpersonar utan spesiell fagbakgrunn. Støttekontakt er gratis. 

Kriterium for tildeling av støttekontakt

Behovet blir vurdert etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester §3-2 nr. 6 bokstav b) støttekontakt

  • Brukaren må forplikte seg til å halde avtalar og følgje plan for oppdraget
  • Timane skal brukast til deltaking på kultur og fritidsaktivitetar, nettverksbygging, opplevingar og eigenaktivitet
  • Støttekontakt blir som hovudregel ikkje innvilga til personar under 8 år, da denne gruppa sjelden har eit sjølvstendig kultur og fritidsliv, uavhengig av føresette
  • Personar med forsørgjaransvar, ektefelle eller sambuar, søsken eller andre nære pårørande skal ikkje vere støttekontakt for brukaren
  • Personar med 1:1 bemanning, får som hovudregel ikkje innvilga støttekontakt.

Søknadsskjema for brukarar

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester (PDF)

Søk om å bli støttekontakt\fritidskontakt

Fritidskontakt - Stillingsutlysning (gol.easycruit.com)

Kontaktinformasjon
Spesialkonsulent

Ida Cecilie Svensson 

Telefon: 948 29 522

E-post: ida.cecilie.svensson@gol.kommune.no

Saksbehandlar

Emelie Anttonen Bøe

Telefon: 916 73 994

E-post: emelie.anttonen.boe@gol.kommune.no