Kva er parkeringsløyve
Parkeringsløyve blir gitt til bilførar eller passasjer som har særlege behov for parkeringslette ved heimebustad, arbeid og anna aktivitet.
Den gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass.
Parkeringsløyve følgjer eigaren av parkeringskortet, og ikkje køyretøyet.
Kven kan få løyve
Du kan søkje om parkeringsløyve, om du oppfyller eit eller fleir av krava under.
- Du må ha store forflytningsvanskar, som må dokumenterast med ein legeeklæring
- Du har særlege behov for parkeringslette nær heimebustad, arbeid eller anna aktivitet
- Du må bu i Gol kommune
Slik søkjer du
Elektronisk søknad (skjema.no)
Dokumentasjon til søknad:
- Legeerklæring (PDF)
- Passbilete eller anna bilete av ansiktet
Søknaden skal sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol
eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no
Forskrift om parkeringsløyve for forflytningshemmede (lovdata.no)
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker - forvaltningslova (lovdata.no)