Kva er brukarstyrt personleg assistanse (BPA)?
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei teneste for deg med funksjonsnedsettingar som har eit stort og langvarig behov for hjelp i kvardagen.
Tenesta omfattar praktisk bistand, avlastning for foreldre med heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne, opplæring og støttekontakt. At ordninga er brukarstyrt betyr at du får større moglegheit til å styre tenestene og kvardagen sjølv. BPA er særleg aktuelt når du har behov for fleksibilitet i kvardagen og kunne vere aktiv.
Kven brukarstyrt personleg assistanse aktuelt for?
Du har rett til å organisere tenestene praktisk bistand og opplæring og støttekontakt som BPA viss du:
- er under 67 år, og
- har behov for tenester ut over 2 år og har eit stort og samansett behov for tenester
- er i stand til å leie assistenten (ta arbeidsleiarrolla)
- har behov for tenester i minst 32 timar pr. veke.
Du kan også ha denne retten viss du har behov for hjelp i minst 25 timar i veka, men ikkje viss kommunen kan dokumentere at det blir vesentleg dyrare å organisere tenestene som BPA. Det er kommunen som vurderer kor mange timar du har behov for.
Nokre av oppgåvene du som arbeidsleiar må ta ansvar for er å
- definera dine eigne behov
- rekruttera, tilsetja og læra opp assistantar
- utøvde dagleg leiing ovanfor assistentane
- sørgde for at gjeldande lovar og reglar vert følgt ovanfor assistentane
- ha medarbeidarsamtale og personalmøte med assistentane
- kontrollera timelister, disponera og berekna lønsmidlar/timebruk og driftsmidlar
- laga stillingsomtale og arbeids- og ferieplanar
- handtera eigenmelding, sjukemeldingar og permisjonar
- skaffa vikarar
- handtera eventuelle konfliktar i arbeidsmiljøet
- delta på kurs i arbeidsleiing
Vidare må arbeidsleiar
- Fylgja opp arbeidsmiljøet, at det er i tråd med reglane om helse, miljø og tryggleik.
- Det betyr at der det er relevant skal assistenane ha opplæring om og bruk av rett løfteteknikk.
- Sjå til at assistentane ikkje blir utsette for urimeleg fysisk tungt og farefullt arbeid.
- Leggja til rette for at alle kan ta i bruk forflytningshjelpemiddel.
- Sørgde for eit godt psykososialt arbeidsmiljø.
Leverandørar av BPA som du kan velje mellom / kontaktinformasjon
AssisterMeg
Humana omsorg og assistanse
Uloba BPA
Stendi Assistanse BPA
Du vel sjølv kva leverandør du ønsker å bruke. Uansett kven du veljar vil kommunen følge opp kvaliteten på tenesta.
Pris for tenesta
Det kostar det same å ha BPA som om du hadde hatt vedtak om praktisk hjelp i heimen. Kommunen kan krevja at du betalar eigendel for praktisk hjelp, som ikkje er til personleg stell og eigenomsorg.
Det vil seie at du må betale eigendel for hjelp til husarbeid og reinhald, som for eksempel skifte av sengeklede, vaske klede, rydde, ta inn og ut av oppvaskmaskina og vaska golv, og liknande oppgåver.
Informasjon om dette vil stå i BPA-vedtaket.
Kontaktinformasjon
Saksbehandlar
Emelie Anttonen Bøe
Telefon: 916 73 994