Om koordinerande eining
Alle kommunar skal ha ei koordinerande eining for rehabilitering jf. helse- og omsorgtenestelova § 7-3. Målet med ei slik eining er å samordne og sikre eit heilskapleg rehabiliteringstilbod til personar som treng tenester frå fleire hald innanfor det offentlege hjelpeapparat. Koordinerande eining skal sørgje for at tenesta til den enkelte skal sjåast i samanheng. Det skal vera kontinuitet i tiltaka.
Kva gjer koordinerande eining
Koordinerande eining i Gol kommune skal bidra til at personar med behov for samansette og langvarige tenester får eit heilskapleg, koordinert og planlagt tilbod.