Kva er kommunalt pasient-og brukarregister (KPR)
KPR vil innehalde opplysningar om alle som får helse- og omsorgstenester frå kommunen.
Registeret vil innehalde data frå alle tenester som er nemde i lov om kommunale helse – og omsorgstenester.
Korleis blir opplysningane tatt vare på?
- Fødselsnummer vert kryptert og skilt frå helseopplysningane dine.
- Dei som handsamar opplysningane har teieplikt.
- Namnet og adressa di vil ikkje væra registrert i KPR.
Du har rett til å få innsyn i eigne helseopplysningar.
Det er Helsedirektoratet som er ansvarleg for handsaminga av desse opplysningane, og du kan les meir på www.helsedirektoratet.no