Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Fysio- og ergoterapitenesta

Om du har nedsett fysisk funksjonsevne som følge av sjukdom eller skade, kan ein fysioterapeut gje deg hjelp til å betre eller vedlikehalde funksjonsevna di. Du kan også få hjelp til å kompensere for varige funksjonsvanskar.

Fysioterapeutar

Leiande fysioterapaut

Atle Handeland (permisjon til 01.01.2025)

Telefon: 476 05 842

E-post: atle.handeland@gol.kommune.no

Kommunefysioterapeut

Stine Money (kontaktperson for eldre)

Telefon: 477 01 258

E-post: stine.money@gol.kommune.no

Arbeidstid:

Måndag - fredag: 09.00 - 15.00

Kommunefysioterapeut

Carl Bergman

Telefon: 900 57 373

E-post: carl.bergman@gol.kommune.no

Ergoterapeut og syns og hørselskontakt

Åse Ingunn Midtgård

Telefon: 916 73 967

E-post: ase.ingunn.midtgard@gol.kommune.no

Arbeidstid:

Måndag: 09.00 - 16.00

Tysdag: 09.00 - 16.00

Torsdag: 09.00 - 16.00

Fysioterapi

Om du har nedsett fysisk funksjonsevne som følge av sjukdom eller skade, kan ein fysioterapeut gje deg hjelp til å betre eller vedlikehalde funksjonsevna di.

Du kan også få hjelp til å kompensere for varige funksjonsvanskar.

Fysioterapeuten kan:

  • Undersøke og kartlegge tilstanden din.
  • Gje ulike behandlings- og treningsformer.
  • Gje råd og rettleiing om forebyggande og helsefremjande tiltak.
  • Formidle hjelpemiddel.

Fysioterapitenesta i Gol kommune omfattar tiltak for born, vaksne og eldre.
Tenesta kan gjevast på fysikalsk institutt, på institusjon, i barnehage og skule, eller i brukarens heim.

Fysioterapeutar deltek i tverrfagleg rehabilitringsarbeid, førebyggande arbeid og i utarbeiding av Individuell plan.

Tenesta har tre kommunefysioterapeutar og tre privatpraktiserande fysioterapeutar med avtale om kommunalt driftstilskot.

Frå 1.januar 2018 treng ikkje pasientar lenger tilvising frå lege, manuell terapeut eller kiropraktor for å få stønad til fysioterapi.
Dette betyr at pasientar som har behov for fysioterapi kan oppsøke fysioterapeut direkte.

Det er fortsatt eit krav for stønad at pasienten går til fysioterapeut som har driftsavtale med kommuen.

Eigenandel på behandling er fastsett i avtale mellom Norsk Fysioterapiforbund og Staten. Som hovudregel må du betale eigendel som tel med i oppteninga til frikort for eigendelstak 2.
 
Frå 1.januar 2017 må alle betale eigendel for behandling for fysioterapi. Diagnoselista som tidligare ga rett til gratis fysioterapi vart avvikla.
Born under 16 år og personar med yrkesskade er friteken for eigendel.

Ta kontakt med fysioterapeut på telefon eller ved personleg frammøte for bestilling av time.

Ergoterapi

Har du vanskar med å greie daglege gjeremål fordi du er sjuk eller skada, eller har nedsett funksjonsevne av andre årsaker, kan du få hjelp av ein ergoterapeut.

Ergoterapeuten kan:

  • Kartlegge funksjonsevna di og gi deg hjelp til å tilpasse aktivitetar og arbeidsvanar.
  • Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel.
  • Tilrettelegge det fysiske miljøet heime, i barnehagen, på skulen og på arbeidsplassen.
  • Koma med innspel til kommunale planar og byggesaker når det gjeld universell utforming.

Tenesta er gratis.

Prisar, eigenandel, frikort - gebyr for ikkje å melde avbod til time

Når du går til fysioterapeut, får du dekka deler av utgiftene dine til behandlinga. Som hovedregel må du betale en eigenandel jamfør takstplakaten for fysioterapibehandling.

Eigenandelen tel med i oppteninga til HELFO frikort.

Barn under 16 år og personar med godkjent yrkesskade frå NAV er friteken for eigenandel.

Gebyr om du ikkje møter til avtalt time

Om du ikkje møter til avtalt time, eller melder avbod seinast 24 timar før timen, vil du bli belasta med eit gebyr tilsvarande honorartakst for timen.
For avtalar hjå kommunalt tilsette fysioterapeutar vil gebyret blir fakturert deg frå økonomikontoret i kommunen.

Avbod til time skal meldast til din fysioterapeut per telefon.
Får du ikkje svar på telefon, skal du sende ein SMS (tekstmelding) med avbod.

For å melde avbod til time på ein måndag må dette meldast på SMS.

Meir informasjon om frikortordninga og eigenandelar finnast på helsenorge.no

Norsk fysioterapeutforbund - kva er fysioterapi (fysio.no)

Prisar - eigenandel (fysio.no)

Norsk fysioterapiforbund - eigenandel (fysio.no)

Betaling og frikort (helsenorge.no)

Fysioterapeutar med driftsavtale i Gol Kommune

Fysioterapaut

Jan Kattenberg

Telefon: 909 37 351

E-post: jan@kattenberg.no

Jan har tilleggskompetanse innan ultralyddiagnostikk, trykkbølgebehandling og tilpassing av innleggssåler.

Fysioterapaut

Hilde Løkken

Telefon: 918 03 919

E-post: hilde.lokken@gmail.com

Hilde har lang erfaring med barnefysioterapi og er hovedkontakt for oppfølging av barn i alderen 0-6 år.

Fysioterapaut

Stine Magistad Hvammen

Telefon: 416 70 683

Stine har tilleggskompetanse innen triggerpunktbehandling med nåler, kinesiotaping, stressmestring og har lang erfaring innen undersøkelse og behandling av fotrelaterte plager og tilpassing av innleggssåler.

Hjelpemiddel

Korttidsutlån

Dersom du bur eller oppheld deg i kommunen og har behov for hjelpemiddel i ei kortare periode, kan du låne dette frå det kommunale korttidslageret. Det er fysio- og ergoterapitenesta som administrerer.

Fullt namn, adresse og fødselsdato til den som låner hjelpemidlet skal oppgis.

Du kan låne hjelpemidlar som rullator, rullestol, toalettstol, toalettforhøyar, dusjkrakk, trykkavlastande madrass m.m. Ta kontakt ved spørsmål.

Lånetida er 3 månader, med muligheit for forlenging.

Hjelpemidlar som ikkje er i bruk leverast tilbake i reingjort stand så snart som mogleg, slik at nye brukerar får nyte godt av tilbodet. Ein sørger sjølv for at hjelpemiddelet blir levert tilbake, i reingjort stand.

Ta kontakt dersom du ikkje får levert hjelpemiddelet tilbake til avdelinga, så kan vi være behjelpelige.

Det er gratis å låne hjelpemidlar.

Langtidsutlån

Har du varig (over 2 år) behov for hjelpemidler, ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta som sørgjer for utgreiing og søknad vidare til NAV Hjelpemiddelsentral Buskerud.

Hjelpemiddelbehovet vurderast av ein ergoterapeut eller fysioterapeut saman med brukar og/eller pårørande.

Terapeuten i kommunen har ansvar for å grunngje hjelpemiddelbehovet i søknaden (som sendast til NAV Hjelpemiddelsentral Buskerud), og for at opplæring i bruk av hjelpemidlane blir gjeve.

Vi gjer oppmerksam på at behandlingstida på hjelpemiddelsøknader kan vera opptil fleire veker.

Vaktmeister eller terapeut tek kontakt med brukar/pårørande når hjelpemidla er komne.

NAV - hjelpemiddelsentral

NAV hjelpemiddelsentral i Vester-Viken (nav.no)

Trening for seniorer 65+

Trygg på to bein

Fysio – og ergoterapitenesta i Gol kommune har eit treningstilbod til eldre heimebuande personar som er i risikogruppa for fall. Føremålet er at eldre skal oppretthalde best mogleg funksjon i kvardagen.

I grupper på 6 peronar trenast styrke og balanse to gonger i veka over ein periode på tre månader.

Gruppene vert leia av fysioterapeut.

Pris

Det er eigenandel på dette tilbodet.
Eigenandelen fylgjer Norsk Fysioterapiforbund (fysio.no) sin takstplakat.

Kontaktpersonar

Avdelingsleiar

Atle Handeland

Telefon: 476 05 842

E-post: atle.handeland@gol.kommune.no

Arbeidstid:

Måndag - fredag: 08.00 - 15.30

Kommunefysioterapeut

Jenny Bårdsen (permisjon)

Telefon: 408 01 967

E-post: jenny.bardsen@gol.kommune.no

Arbeidstid:

Måndag - fredag: 08.00 - 15.30

Sterk og stødig

Synes du at du greier mindre i dag enn for 1 år sidan? Ynskjer du å bli sterkare og stødigare? Sterk og Stødig er trening i gruppe for deg som er 65 + som er begynt å merke at du av og til er litt ustø. Du må kunne gå utan hjelpemidlar innandørs. Treninga foregår ståande, og me fokuserar på styrkeøvingar for beina og balansetrening.

Er du eller ein du kjenner i målgruppa så kan du ta kontakt med underteikna for ein uforpliktande prat om viktigheita av fysisk og sosial aktivitet i alderdommen og våre aktivitetstilbod for eldre.

Pris

Kr. 300.- pr halvår

Kontaktperson

Avdelingsleiar

Atle Handeland

Telefon: 47 60 58 42

E-post: atle.handeland@gol.kommune.no