Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er eit nasjonalt satsingsområde, og eit verktøy i møte med framtida sine utfordringar. Satsing på velferdsteknologi kan gje auka livskvalitet for brukarane og høgare kvalitet på tenestane.

Tryggheitsalarm

Tryggleiksalarmen skal gje tryggleik for brukaren. Alarmen ber ein på kroppen som "smykkesendar", og den kan nyttast ved akutte behov for helsepersonell.

Alarmen blir kobla til telefonnettet og går direkte til ein alarmsentral som har kvalifisert helsepersonell 24 timar i døgnet.

Dei vil vurdere naudsynte handlingar og videreformidle beskjedar til rett instans som til dømes medisinsk naudtelefon, legevakt, heimesjukepleia eller pårørande.

Andre teknologiske hjelpemiddel

Andre eksempel på teknologiske hjelpemiddel er for eksempel elektronisk medisin dispensar, GPS - alarm og RoomMate som er digital tilsyn.

Kva kostar det?

Tildelingsteamet behandlar søknaden og fattar vedtak om tildeling av alarm. Betaling for bruk av alarm vert vedteke av kommunestyre kvart år.

For 2024 er månadspris for alarm kr. 309.-

Velferdsteknologi er gratis for dei som får dette som erstatning for anna helsehjelp.

Søknadsskjema

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester (PDF)