Tryggheitsalarm
Tryggleiksalarmen skal gje tryggleik for brukaren. Alarmen ber ein på kroppen som "smykkesendar", og den kan nyttast ved akutte behov for helsepersonell.
Alarmen blir kobla til telefonnettet og går direkte til ein alarmsentral som har kvalifisert helsepersonell 24 timar i døgnet.
Dei vil vurdere naudsynte handlingar og videreformidle beskjedar til rett instans som til dømes medisinsk naudtelefon, legevakt, heimesjukepleia eller pårørande.
Tildelingsteamet behandlar søknaden og fattar vedtak om tildeling av alarm. Betaling for bruk av alarm vert vedteke av kommunestyre kvart år.
For 2025 er månadspris for alarm kr. 322.-
Velferdsteknologi er gratis for dei som får dette som erstatning for anna helsehjelp.
Digitalt tilsyn
Gol kommune har flere typar velferdsteknologisk utstyr i drift. Dette er med på å auke kvaliteten i dei kommunale helse- og omsorgstjenestene. Bruk av VFT er behovsprøvd og søkast på slik som andre helse- og omsorgstenester.
VFT definerast som «Ei fellesnemning på tekniske installasjonar og løysingar som kan betre den enkeltes evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre brukarens livskvalitet og verdigheit».
Nattugla
- Gjennomføre tilsyn hos tenestemottakarar til fastsatt tid
- Varsle tenesteytar ved nattevandring, t.d. når tenestemottaker forlet seng, rom eller bustad på natt.
- Fall og/eller fråvær frå seng på natt.
Løysingane tilpassast kvar enkelt tenestemottakar etter behov og situasjon.
Målgruppe
- Personar i eigen hjem, omsorgsbustad eller institusjon som kan nyttiggjera seg av velferdsteknologiske løysingar
- Pårørande
- Tilsette i helse- og omsorgstjenesten
Digitalt tilsyn på natt ved hjelp av teknologi er tiltenkt tenestemottakarar med ulike somatiske og kognitive utfordringar og i ulike buformer.
Målet med velferdsteknologi (digitalt tilsyn)
- Auka kvalitet i kommunens helse- og omsorgsteneste
- Auka tryggleik for tenestemottakarar, pårørande og tenesteytarar
- Betre ressursutnytting
- Behovet for endra omsorgsnivå til tenestemottakarar blir utsett
Dei registrertes rettar
Som registrert har du fleire rettar du kan utøve. Det gjeld spesielt retten til å be den behandlingsansvarlige, her forstått som Gol kommune, til å be om innsyn i personopplysningane dine eller retting og/eller sletting av personopplysningane dine.
- Ingen bilde eller lyd blir lagra av nokon partar. Det er kun ein kryptert hendelse ved til dømes fall som lagrast. Dvs. at det lagrast ikkje bilde eller lyd, men kun logg om at det vart utløyst ein alarm til bestemt tid. Dette lagrast i 18 mnd. hos leverandør av teknologien.
Når du er på besøk hos brukar med digitalt tilsyn/Nattugla kan det brukast ein QR-kode for å avstille den mens du er på besøk. Inne hos brukar finst det eit kort med ein QR-kode som du set foran kameraet til Nattugla.
Andre teknologiske hjelpemiddel
Andre eksempel på teknologiske hjelpemiddel er elektronisk medisin dispensar, digitale røykvarslarar og GPS - alarm.