Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Praktisk bistand

Kommunen tilbyr praktisk bistand til dei som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker.

Reinhald

Reinhaldet inneber vask av rom som er i dagleg bruk, støvsuging, golvvask, enkel støvtørking, vask av sanitær, sengeskift og vask av tøy. Det vert krevd eigenandel for praktisk bistand.

Det blir ikkje gjeve praktisk bistad til dette:

  • storreingjering - rundvask
  • reingjering av teppe - kun støvsuging
  • reingjering av rom som ikkje er i bruk
  • rydding og vasking av kjellar eller loft
  • pussing av glas/vindu
  • vask av altan eller terasse
  • pussing av sølv, kopar, messing
  • hogge eller bæra ved
  • hagearbeid og plenklypping
  • stell av dyr
  • anna førefallande arbeid

Det blir ikkje gjeve praktisk bistand på helligdagar

Innkjøp av daglegvarer

REMA 1000 og Spar tilbyr heimkøyring av varer. Dette tilbodet får du når du har oppretta ein konto hjå ein av butikkane. Heimehjelpa vil kunne hjelpe deg med å bestille varene.

Vaktmeisterteneste

Bistand til nødvendig snømåking eller funksjonell tilrettelegging i huset.

Inntil 2G kr. 220 - pr.time

Over 2G kr. 500.- pr.time

Kva kostar praktisk bistand?
Heimehjelp
Beløpsgrense Timesats Maks pr.mnd
Inntil2G/makssats   kr. 220.-
Mellom 2G - 3G kr. 400.- kr. 800.-
Mellom 3G - 4G kr. 400.- kr. 1600.-
Mellom 4G - 5G kr. 400.- kr. 2400.-
over 5G kr. 400.- kr. 2800.-

Dersom timesats kjem mest gunstig ut for brukar vil kostnaden bli berekna ut frå antal timar.

Når kommunen skal fastsetje betalingssats for brukar, går ein ut frå husstandens samla nettoinntekt før særfrådrag ved siste likning.

Innkreving av eigenbetaling skal skje i samsvar med reglar frå Helse- og sosialdepartementet.

Søknadsskjema

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester (PDF)

Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar

Marie Handeland

Telefon: 916 73 952

E-post: marie.handeland@gol.kommune.no

Assisterande avdelingsleiar

Hanna DuPont

Telefon: 916 73 990

E-post: hanna.dupont@gol.kommune.no

  • Torstadvegen - omsorgsbustad.
    Telefon 408 01 953 - 906 92 497
  • Furuvegen - omsorgsbustad.
    Telefon 409 03 198
  • Blågangen - omsorgsbustad.
    Telefon 409 03 196
  • Rundingen - omsorgsbustad.
    Telefon 916 73 991