Kreftkoordinator tilbyr
Samtale, støtte og rettleiing knytt til diagnose, behandling, rehabilitering, palliasjon og omsorg ved livet slutt. Det fordrar tillit å jobbe med eit så sårbart område, som alvorleg sjukdom. Relasjonar tek tid å bygge, det igjen gir tillit og tryggleik.
Den viktigaste oppgåva er å gi tryggleik og ivaretaking og vere ein støttespelar igjennom ei tøff tid med behandling og rehabilitering. Då kan det vere til hjelp og støtte å ha ein kontaktperson med fagleg og relasjonell kompetanse som kan vere til stades og støtte igjennom denne fasen.
- Råd og rettleiing som er knytt til diagnosen, behandling, rehabilitering, palliasjon og
omsorg ved slutten på livet. - Hjelp til å lindre symptom
- Gi informasjon om kommunens tenestetilbod
- Hjelp til å koordinere tilbod og tenester
- Vere eit bindeledd mellom nivåa og tenestene i sjukehus og kommune.
- Bidra til å at pasient og pårørande kan meistre kvardagen sin best mogleg ved å finne løysingar på oppståtte problem.
Kreftkoordinator samarbeider med
- Andre kreftsjukepleiarar og palliative sjukepleiarar i regionen vår under Vestre Viken via nettverk i ressurssjukepleiarar i palliasjon og kreftomsorg
- Tett interkommunalt samarbeid med nettverket i Hallingdal for ressurssjukepleiarar
- Tett samarbeid med Hallingdal sjukestove og Ringerike sjukehus
- Dei kommunale fastlegane
- Heimesjukepleie
- Sjukeheim
- Ergo – og fysioterapeutar
- Psykisk helse
Målet med koordinering er å vere eit bindeledd mellom sjukehus og kommune. For å skape tryggleik, samanheng og føreseielegheit gjennom heile sjukdomsforløpet.
Kreftkoordinator er kreftsjukepleiar som har kompetanse om ulike fasar av kreft, utgreiing, behandling, rehabilitering, lindring og terminal fase/livets sluttfase. Tilbodet gjeld for dei som bur heime, på institusjon og for dei pårørande. Det handlar om å bli sett, møtt og bekrefta – det fordrar tillit.
Dette er eit lågterskeltilbod som er gratis. Det vil seie at alle kan ta kontakt, enten det er pasienten sjølv, pårørande, venner, fastlege eller spesialisthelseteneste. Det krevst inga tilvising – alle førespurnader blir svarte på.
Det å få ein diagnose som kreft, kan opplevast vanskeleg. Det er forbundet med mykje usikkerheit rundt sjukdommen og det er mange spørsmål som krev svar. Nokre av svara tek det tid å få.
Kreftkoordinator skal lette prosessen for dei som er ramma av sjukdom, dette ved å vere ein kontaktperson, støttespelar og ein koordinator.
Kontaktperson
Kreftkoordinator
Jorunn Viljugrein Stake
Telefon: 916 73 961
Dersom du ikkje får kontakt med kreftkoordinator så kan du ringje til:
Konstituerande avdelingsleiar
Hanna DuPont
Telefon: 916 73 990
E-post: hanna.dupont@gol.kommune.no