Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er ein døgnkontinuerleg teneste som blir gjeve til personar som bur heime og har behov for naudsynt helsehjelp.

Tenestas innhald 

Tenesta er individuelt vurdert og vedtaksstyrt etter helse - omsorgslova. Heimesjukepleia skal bidra til at du får ivareteke dine grunnleggjande helse - og pleiebehov.

Dette kan foreksemple væra:

  • hjelp til personleg hygiene
  • tilrettelegging av måltider og kostveiledning
  • sårbehandling
  • assistanse til legemiddelhåndtering
  • omsorg ved livets slutt
Kva kostar det?

Heimesjukepleie er gratis

Slik søkjer du 

Når søknaden er motteken blir du kontakta for å avtala eit eventuelt heimebesøk og for å få opplysningar vi treng frå deg.
Tildelingsteamet vil vurdere dine hjelpebehov og avgjera om du har rett til å få helse - og omsorgstenester, kva for tenster og omfanget av desse.
Vi prøver å svare deg innan 21 dagar. Klarer vi ikkje det, tek vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Hvis ein annan søkjer på dine vegne, må vedkomande ha fullmakt frå deg.
Har du spørsmål om utfylling av skjema kan du ringje til tenestetorget som vil setje deg i kontakt med rett avdeling.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga i postkassa ved hovudinngangen på kommunehuset, eller lever den på tenestetorget.

Vedtaket om helse - og omsorgstenester kan påklagast etter helse - og omsorgstenestelova.
Informasjon om klageadgang er lagt med i vedtaket ditt.

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester (PDF)

Forventningsavklaring

Kva du som tenestetmottakar kan forvente av tenesta:

  • Dei tilsette har tausheitsplikt og møter deg med respekt og høflegheit
  • I samarbeid med deg koordinerar vi tenestene du får
  • Helsehjelpa er eit samarbeid mellom blandt anna fysioterapeut, ergoterapeut, lege og tannlege.Heimesjukepleia vert utført av, eller under vegleiing av autorisert helsepersonell
  • Vi lyttar til deg for å høyre kva for ynskjer og behov du har
  • Frå oss får du informasjon, råd og vegleiing for å kunne ta vare på di eiga helse
  • Arbeidet me gjer vert dokumentert i godkjent system
  • Du får innsyn i journal i henhold til pasientrettigheitslova
Kva tenesta forventar av deg som mottakar
  • Du, eller din representant, sett seg inn i vedtaket ditt
  • Du stiller deg positiv til å oppbevare og bruke ergonomiske hjelpemiddel som heimesjukepleia her behov for å bruke. Dette er for å sikre deg, og førebyggje arbeidsbelastningar, jamfør arbeidsmiljølova
  • Har du husdyr må du væra forberedt på at det er ikke alle tilsette som ynskjer å kome i kontakt med desse
  • Hvis det er vanskeleg for deg å opne døra sjølv, må du gje oss tillatelse til å sette opp ein nøkkelboks
  • Du fortel oss kva du ynskjer og kva som er viktig for deg
  • Dersom du røykjer, ber me om att du ikkje gjer det når heimesjukepleia er hjå deg
  • Heimesjukepleia har ikkje mogelegheit til å følgje deg til lege eller sjukehus

Tenesta kan kun utførast når det er brøyta og køyrbar veg fram til bustaden din. Ei eventuell bomavgift blir fakturert.
Kommuna nyttar seg av retten til å tilby tenestar på andre måtar dersom dette er forsvarleg.

Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar

Marie Handeland

Telefon: 916 73 952

E-post: marie.handeland@gol.kommune.no

Assisterande avdelingsleiar

Hanna DuPont

Telefon: 916 73 990

E-post: hanna.dupont@gol.kommune.no

Vakthavande sjukepleiar - døgnbemanna telefon

Telefon: 916 73 993