Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Opphald på lang tid

Eldre med alvorleg somatisk helsesvikt og/eller diagnosen demens, som har omfattande behov for medisinsk behandling, pleie og omsorg, kan søkje om langtidsplass ved Gol Helsetun.

Før ein søkjer om plass skal alle andre aktuelle hjelpetiltak, som til dømes medisinsk behandling, rehabilitering, omsorgsbustad, tilrettelegging med teknisk utstyr og andre tiltak i eigen heim, vere vurdert og prøvd.

Dei som vert tildelt eit opphald på langtid, betaler ein viss del av inntekta si (pensjon, renteinntekter og liknande).

Det er ikkje høve til å krevje delar av formuen (fast eigedom, bankinnskot, aksjar m.m.) som betaling.

Vederlagsforskrifta regulerer storleiken på betalinga.