Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Opphald på kort tid

Opphald på kort tid på institusjon kan bli tildelt personar som i ei avgrensa periode har behov for omsorg og pleie heile døgnet.

Dette gjeld tilfelle der behovet ikkje kan bli dekt med heimetenester i heimen eller på lågterskelavdelinga.

Aktuelle problemstillinger kan vera:

  • Opptrening og oppfølging etter innleggingar i spesialisthelsetenesta
  • Utgreiing av medisinske problemstillingar
  • Kartlegging av omsorgsnivå
  • Lindrande behandling i sluttfase av livet.

Søkjar må reise heim etter opphald, med mindre dette er uforsvarleg av helsemessige årsaker. Denne vurderinga vert gjort av eit tildelingsteam.

For korttidsopphald må ein betale ein eigendel.
Størrelsen på eigendelen vert fastsatt årleg gjennom statsbudsjettet.

Heilpensjon inkludert middag kr. 180,- pr. døgn