Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Demens

Demens skuldast hjerneskader som kan kome av fleire ulike hjernesjukdomar, og kjenneteiknast ved kognitiv svikt, endringar i kjensler og personlegheit, samt redusert evne til å fungere i dagleglivet.
Det viktigaste kognitive kjenneteiknet er redusert hukommelse.

Demens er ein langvarig og kronisk tilstand som påverkar heile livssituasjonen både for den som er sjuk og deira pårørande gjennom mange år.

I tillegg redusert hukommelse, vil det vanlegvis vera språksvikt, rom-og retningsproblem og redusert evne til å forstå og planlegge.
Mange vil i startfasen kunne vera deprimerte, engstelege, irriterte og trekke seg tilbake.
Lenger ut i prosessen vil det finne stad større endringar i personlegheit og veremåte.
Nokon kan få hallusinasjonar og vrangførestellingar.

Å få rett diagnose tidleg er viktig slik at personar med demens får god oppfølging og tilrettelagte tenester ut frå sitt individuelle behov.
Dette kan bidra til auka trivsel og ein betre kvardag for både personen sjølv og deira pårørande.

Demensteam

Demensteamet består av ergoterapeut, sjukepleiar og helsefagarbeidar med vidareutdanning og/eller erfaring innan feltet.

Enkeltpersonar, pårørande, fastlege, sjukehus, tildelingskontoret og andre kan ta kontakt med demensteamet.

Demensteamet sine oppgåver

Å samarbeide med fastlege om kartlegging, utgreiing og oppfølging ved mistanke om kognetiv svikt og demens.
Det vert nytta nasjonale kartleggingsverktøy, blandt anna hukommelses testar, kartlegging av dagleglivets aktivitetar (ADL).
Rapport etter kartlegging vert sendt til fastlegen.

I tillegg har demensteamet desse oppgåvene:

  • Tilby heimebesøk og pårørande samtaler.
  • Informere om kommunen sine tenestetilbod og hjelpe til i søknadsprosesser.
  • Hjelpe til med å finne fram til rette tenester og hjelpemiddel ut frå individuelle behov.
  • Bidra til å utvikle demensomsorgen i kommunen.
  • Oppfølging og veiledning av brukar og pårørende etter behov.
Demenslinja

Demenslinja er ein kontakttelefon frå:
Nasjonalforeninga for folkehelse (nasjonalforeningen.no)

Her finn du meir informasjon om kva alzheimer og demens er, rettigheiter som pårørande og kva tilbod personar med demens har.
Eller kanskje du berre treng nokon å prate med.

Kontaktpersonar

Avdelingsleiar

Linda Muggerud Anderssen

Telefon: 916 73 979

E-post: linda.anderssen@gol.kommune.no

Ergoterapeut, syns- og hørselskontakt

Åse Ingunn Midtgård

Telefon: 916 73 967

E-post: ase.ingunn.midtgard@gol.kommune.no