Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Pasient og brukarombodet

Pasient- og brukarombodet er eit uavhengig og gratis tilbod for deg som tek imot, eller har teke imot, helse- og omsorgstenester – og for pårørande som treng råd eller støtte.

Ombodet arbeider for å ivareta pasientars og brukarars rettar og for å bidra til betre kvalitet i tenestene.

Du kan kontakte pasient- og brukarombodet viss du:

  • opplever at du ikkje får den hjelpa du har behov for
  • er usikker på kva rettar du har
  • treng råd i møte med kommunen eller spesialisthelsetenesta
  • ønsker hjelp til å klage eller formidle ei bekymring
  • er pårørande og treng rettleiing

Pasient- og brukarombodet gir informasjon, råd og rettleiing, og kan hjelpe deg å finne fram i regelverk og system. Ombodet kan også hjelpe i dialog med tenestene, men tek ikkje parti i enkeltsaker og fattar ikkje vedtak.

Tenesta er gratis, og du treng inga tilvising for å ta kontakt.

Kontaktinfo

Heimesida til pasient og brukarombodet

Telefon avdeling Buskerud: 40 50 16 00

Kvardagar 09:00 – 11:30 12:00 – 14:30