Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Pårørande til personar med nedsett syn eller høyrsel

Å vere pårørande til ein person med nedsett syn eller høyrsel kan innebere både små og store utfordringar i kvardagen. Endringar i sansefunksjon kan påverke kommunikasjon, sjølvstende og deltaking i sosialt liv, og mange pårørande opplever eit ansvar for å legge til rette, forklare og støtte – ofte over tid.

Gol kommune har tenester og tilbod som kan bidra til tryggleik, meistring og betre oversikt, både for personar med synest- eller høyrselsnedsetting og for deg som er pårørande. Målet er å støtte de i kvardagen og bidra til best mogleg livskvalitet.

Høyrselsforbundet i Gol og Hemsedal

Lokallaget består av frivillige som gjer ein viktig jobb for høyrselssaka i nærmiljøet ditt. Mange lokallag har også likepersoner som er gode støttespelarar for andre med høyrselsutfordringar.

Sjå meir informasjon på heimesida til Høyrselsforbundet i Gol og Hemsedal

Kontaktinformasjon

Ergoterapeut, synest- og høyrselskontakt

Åse Ingunn Midtgård

Telefon: 916 73 967

E-post: ase.ingunn.midtgard@gol.kommune.no

Høyrselslaget i Gol og Hemsedal (likemenn)

Tore Dag Skjerdal

Telefon: 958 97 591

E-post: toredas@online.no

Tor-Otto Lied

Telefon: 418 09 156