Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Barn som pårørande

Barn og unge blir påverka på ulike måtar når nokon i familien strevar. Openheit og føreseielegheit er viktig for at barn som er pårørande får moglegheit til å leve gode liv.

Det er mange årsaker til at barn er pårørande eller at kvardagen blir vanskeleg.

Det kan vere forhold i familien som

  • psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller skade
  • misbruk av alkohol eller rusmiddel
  • når nokre av dei næraste dør
  • samlivsbrot
  • store økonomiske utfordringar
  • å vere vitne til vald i familien
  • forelder som sit i fengsel

Barn som pårørande blir i dei fleste tilfella godt ivaretatt og klarer seg godt. Nokre av barna utviklar eigne problem som kan vise seg i oppveksten eller bli synlege når barna blir eldre.
Barn som opplever store belastningar i oppveksten kan utvikle angst, depresjon, åtferdsvanskar, konsentrasjonsvanskar og dei har større risiko for fråfall i skole og utdanning.
Det er kjent at barn som opplever fleire belastningar samtidig, har større sjanse for å utvikle eigne problem.

Generelle råd til foreldre om korleis dei kan støtte barna

  • Sørg for føreseielegheit og tryggleik ved å fortelje barnet kva som skjer.
  • Oppretthald kvardagsrutinane så langt det lèt seg gjere
  • Vêr tilgjengeleg, open og inkluderande, la barnet ta del i fellesskapet
  • Prøv å sette deg inn i korleis barnet forstår situasjonen
  • Ikkje press barnet til å snakke
  • Prioriter tid med barnet og gjer ting saman med barnet
  • Vis at det er greitt at søsken reagerer forskjellig på det som skjer
  • Legg til rette for positive opplevingar med jamaldrande
  • Innhent støtte frå andre vaksne personar ved behov

I alle kommunane i Hallingdal finst det ein barneansvarleg. I kommunen vår ønsker vi at alle barn og unge som er pårørande skal inkluderast og få rett til å uttale seg om eige behov for støtte. Dette ivaretas ved at tilsette kan rettleie foreldre, ha samtale med barnet og vise til aktuelle støttetilbod.

Barn som pårørande - brosyjre (PDF, 435kb)

Nyttige lenker
Kontaktpersonar

Pårørandekoordinator

Marie Handeland

Telefon: 482 20 157

E-post: marie.handeland@gol.kommune.no

Barneansvarleg i Gol kommune:

Stine L. Roe

Helsesjukepleiar

Tlf. 32 02 92 15 eller 408 01 965, måndag – fredag