Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Eksterne tilbod

Helseekspressen

Helseekspressen og Helsebussen er spesialbygd for pasienter som skal til behandling. Vi tilbyr behageleg og trygg reise til og frå sjukehusa.
På grunn av auka aktivitet er det dessverre ikke lenger mogleg for pasientar utan rekvisisjon å bli med Helseekspressen.

Viktig presisjon

Pasientar som ikkje har et helsemessig behov for transport må i hovudsak organisere si eiga reise til behandling og kan søkje refusjon i etterkant.

Går det ikkje rutegåande transport der pasienten bur, er det pasientreisekontoret som skal rekvirere ei reise på trafikalt grunnlag.

Pasienten må ringje 05515 for å få hjelp til planlegging av reisa og val av transportmiddel.
Det kan for eksempel være behov for drosje til næraste togstasjon eller busshaldeplass, og deretter rutegåande transport vidare til behandlingsstaden. 

Fasilitetar

  • servicemedarbeider
  • komfortable stitteplassar
  • rullestolheis
  • handikaptoalett
  • trådløst internett
  • båreplassar
  • hjartestartar
  • overvakingsutstyr
  • ambulansepersonell
Hallingdal sjukestugu

Hallingdal sjukestugu på Ål tilbyr desentraliserte spesialisthelsetjenester til lokalbefolkning og turister i Hallingdal.

Hallingdal sjukestugu

Verjemål

Formålet med bruk av verje er å verne og hjelpe personar som ikkje kan ta vare på sine rettslege og økonomiske interesser godt nok. Den som blir umyndiggjord, skal ha verje.
I andre tilfelle enn ved umyndiggjering blir det oppnemnt ein hjelpeverje. Mandatet til hjelpeverjen skal vere avgrensa til det den myndige ikkje klarer sjølv.

Forside - Vergemålsportalen (vergemal.no)

Vern for eldre

Utryggheit har inga aldersgrense.

Vern for eldre sin kontakttelefon er eit tilbod til personar over 62 år som er utsett for vald og overgrep.

Mange eldre oppleve krenkingar og truslar - har du opplevd det?

  • er du redd for eller plaga av nokon du kjenner godt?
  • har nokon bremsa deg i å ha kontakt med andre?
  • bestemme du over eigne pengar?
  • har noko pressa deg til å gjere noko du ikkje vil?
  • har noko hindra deg i å få nødvendig hjelp?

Overgrep er ofte forbunde med skyld og skam, og kan vere vanskeleg å snakke om.

Nasjonal kontakttelefon er betent av fagpersonar med lang erfaring. Vi har tid til å lytte og gje støtte, råd og rettleiing. Du kan vere anonym

Hjelpeapparatet og andre som kjem i kontakt med overgrepsutsette eldre kan også ta kontakt.

Ring 800 30 196. Kvardagar kl. 9-15

Vern for eldre

Veiledar til fornærma i straffesaker

Overgrep.no har utarbeida ein vegleiar til fornærma i streffesaker.

Vi som står bak Overgrep.no har gitt ut ein ny og oppdatert vegleiar til fornærma i straffesaker. Denne inneheldt informasjon til borgarne vedrørande prosessen ved anmeldelse, etterforskning og erstatningskrav for dei som er utsett for partnervold, voldtekt og andre seksuelle overgrep.

Forutan ein gjennomgang av prosessen inneheldt vegleiaren også oppdatert informasjon om ulike hjelpetilbod slik som krisesentre, overgrepsmottak, støttegrupper og hjelpetelefoner.

Veilederen er utarbeida og kvalitetssikra av erfarne bistandsadvokatar.

Hjelpetelefon