Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Hallinglogopeden

Om logopedtenesta
  • Logopedtenesta er retta mot helse og omsorg, og vaksne. Tenesta gjeld for alle dei seks kommunane i Halingdal.
  • Tenesta skal fordelast prosentvis mellom kommunane ut frå antall innbyggjarar.
  • Logopeden arbeidar tett opp mot Hallingdal sjukestugu og rehabiliteringa der ved aktuelle forløp.
  • Logopeden skal i tillegg vere tilgjengeleg for helsepersonell på institusjonane i Hallingdal. Enten ved kurs og undervisning, eller bistå med tilrettelegging rundt enkeltsituasjoner. Institusjonane kan sjøl ta kontakt med logopeden å gjere avtale.

For å få time hos logoped treng du henvisning frå lege eller spesialist. Ta kontakt med fastlegen og de vil henvise deg vidare.

Kven kan ha bruk for logoped
  • Pasientar med AFASI etter hjerneslag, ofte med følgevanskar som ordleiting, taleapraksi, dysartri og dysfagi.
  • Parkinson-pasientar som treng hjelp til å vedlikehalde stemmekvalitet.
  • ALS pasientar for å jobbe med pust, tale og tilrettelegging av alternativ kommunikasjon.
  • Ulike stemme- og talevanskar som har oppstått grunna stemmebruk, sjukdom eller skade.
Kontaktinformasjon

Logopeden har kontor ved Ål Legekontor

  • Kontortid med klinisk arbeid: måndag - torsdag kl. 08.00 - 16.00.
  • Fredager kun kontortid, men kan nåast på mail eller telefon.

Logoped
Sissel Gjerland Ekra
Telefon: 482 17 774
E-post: sissel.gjerland.ekra@hallingdal.no