Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande dugleik, har rett til slik opplæring.
Det kan vere vanskeleg å sjå skilnaden mellom opplæring i grunnleggande ferdigheiter (Grunnmodulen i FOV) og individuell tilrettelegging. Opplæring i grunnleggande ferdigheiter (Grunnmodulen) er ordinær opplæring på lågt nivå, eller tilpassa opplæring. Individuell tilrettelegging (før spesialundervisning) er noko anna. Det kan vere at du til dømes har lærevanskar som gjer at du ikkje kan fylgje ordinær opplæring.
Alle som har rett til det og som startar med FOV, inkludert grunnmodulen, blir vurdert med tanke på om dei har behov for individuell tilrettelegging.
I fall det er slik, blir ein meldt opp til PPT som gjer ei undersøking. Undersøkinga munnar ut i ei sakkunnig vurdering som vurderer retten og behovet.
Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (lovdata.no)