Har du rett til FOV, har du òg rett til opplæring i dei grunnleggande ferdigheitene (grunnmodulen).
Dei grunnleggande ferdigheitene er sentrale element i dei ulike faga i læreplanane.
På utdanningsdirektoratet si nettside kan du lese om dei grunnleggande ferdigheitene (udir.no)
Gol vaksenopplæring gir opplæring i grunnleggande ferdigheiter /grunnmodulen til dei som treng slik opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter som del av den førebuande opplæringa for vaksne (FOV).
Undervisninga blir gitt i små grupper eller ein til ein, og i eit avgrensa omfang pr. veke.