Same søknadsskjema blir brukt til å søkje om grunnskule og realkompetansevurdering.
Bur du i Hallingdal sender du søknaden til Gol vaksenopplæring som handsamar alle søknader.
Etter at vi har motteke søknaden, blir du kalla inn til ei samtale der vi vurderer om du er kandidat for realkompetansevurdering eller grunnskuleopplæring.
Kva er realkompetansevurdering?
Opplæringslova slår fast at den vaksne har rett til rådgiving om kva opplæringstilbod som passar best for den einskilde. Realkompetansevurdering blir brukt for å samanlikne den vaksne sin kompetanse med læringsmåla i Forberedende opplæring for vaksne (FOV).
Vurderinga vil syne om du treng eller ikkje treng FOV.
Å bli realkompetansevurdert kan vere aktuelt for vaksne frå utlandet som vil ta FOV, og som ikkje kan dokumentere grunnskuleopplæring frå heimlandet.
Realkompetansevurdering har som formål å finne ut kva den vaksne kan og å dokumentere dette, uavhengig av kvar og korleis den vaksne har fått kompetansen sin. Den vaksne kan få dokumentert kompetansen sin utan og måtte gjennomføre heile FOV. Vurderinga fastslår om den vaksne kompetansen sin er likeverdig med den kompetansen som FOV gir.
Vurderinga gir ein dokumentasjon på kva kompetanse den vaksne har fått godkjent. Dersom kompetansen i eit fag er godkjent, har du ein kompetanse som er lik karakteren 2 eller høgare.
Dokumentasjonen er likeverdig med vitnemål på fullført FOV (før grunnskule), og du kan bruke han om du vil søkje på vidaregåande opplæring.
Realkompetansevurdering er gratis.