Rett og plikt til norskopplæring
Kva betyr rett?
Å ha rett til norskopplæring betyr at personen har krav på gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap frå kommunen han/hun er busett i.
Kva betyr plikt?
Å ha plikt til norskopplæring betyr at personen må ha gjennomført lovpålagt opplæring i norsk og samfunnskunnskap for å kunne søkje om permanenet opphaldsløyve eller stasborgarskap i Norge. Dei som berre har plikt til opplæring må betale sjølv.
Kva betyr rett og plikt?
Å ha rett og plikt til norskopplæring betyr at personen har krav på gratis norskopplæring frå kommuna han/ho er busett i, og at lovpålagt norskopplæring må vere gjennomført før dei kan søkje om permanent opphaldsløyve og norsk statsborgarskap.
Kva opphalsløyve gir rett og/eller plikt til norskopplæring?
Personkrins |
Rett |
Plikt |
Gratis |
Timetal |
Personar med asyl, opphald på humanitært grunnlag og familiegjenforeint med desse gruppene og kollektiv beskyttelse 16-55 år |
Ja |
Ja |
Ja |
600 timar.Om dei treng opp til 2400 norsktimar ekstra(300 timar for dei med opphaldsløyve før 1.januar 2012/opp til 2700 timar ekstra) |
Familiegjenforeint med norske og nordiske borgarar busett i Norge, 16-55 år |
Ja |
Ja |
Ja |
|
Personar frå gruppe 1 eller 2 i alderen 55-67 år |
Ja |
Nei |
Ja |
|
Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS/EFTA-regelverket, 16-55 år |
Nei |
Ja |
Nei |
300 timar |
Personar som har både rett og plikt til norskopplæring er
- Personar som har fått asyl
- Overføringsflyktningar
- Personar som har opphaldsløyve på grunnlag av sterke menneskelege omsyn etter søknad om asyl
- Personar som har opphaldsløyve på grunnlag av sterke menneskelege omsyn
- Personar som har opphalsløyve på sjølvstendig grunnlag
- Personar som har fått kollektiv beskyttelse
- Familiegjenforeint med personar i gruppe 1
- Familiegjenforeint med personar som har permanent opphalsløyve
- Familiegjenforeint med norske eller nordiske borgarar
Personar om har plikt og ikkje rett
- Arbeidsinnvandrarar frå utanfor EØS/EFTA- området
- Familiegjenforeint med arbeidsinnvandrarar frå utanfor EØS/EFTA-området
Personar i desse gruppene må ha gjennomført lovpålagt opplæring etter introduksjonslova (lovdata.no) dersom dei seinare ynskjer å søkje om permanent opphaldsløyve eller statsborgarskap i Norge.
Dei må betale for opplæringa sjølv.
Personar som har hverken rett eller plikt
- Personar med midlertidig opphaldløyve som ikkje dannar grunnlag for permanent opphaldløyve(student, au pair)
- Arbeidsinnvandrarar med opphald etter EØS/EFTA-regelverket.
Personar med opphaldsløyve før 1. september 2005
Personar som har fått opphaldløyve, eller kollektiv beskyttelse, før 1. september 2005 er ikkje omfatta av introduksjonslovas reglar, og har dermed hverken rett eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Dei må sjølv betale for opplæringa, og det vil ikkje bli stilt krav for gjennomført norskopplæring ved søknad om permanent opphaldløyve. For søknad om statsborgarskap vil det likevel bli kravd gjennomført norskopplæring.
Dette kravet vart innført 1. september 2008 og gjeld alle søknader om statsborgarskap som blir fremma etter denne dato.
Nyttige linkar
Rett og plikt til norskopplæring (lovdata.no)
Forskrift om norskopplæring (lovdata.no)
Søknadsskjemaer
Søknad om norskopplæring 21-22 (uten rett) (.docx)
Søknad om norskopplæring intro (for søkere med rett) (.docx)
Søknad om norskopplæring intro (for søkere med rett) (PDF)