Gol vaksenopplæring tilbyr
- Gratis norskopplæring etter gjeldande reglar.
- Tilbod om betalingskurs til dei som ikkje har rett til gratis opplæring.
- Førebuande opplæring for vaksne (FOV, tidlegare grunnskule for vaksne) etter opplæringslova. Dette omfattar òg Grunnmodulen (Grunnleggende ferdigheiter).
- Individuell tilpassa opplæring (tidlegare spesialundervisning) for dei som har rett til dette etter opplæringslova.
- Kurs i samfunnskunnskap - 75 timar.
- Arbeidslivskunnskap.
- Digitale norskkurs på nett.
- Vi kan tilby arbeidsretta kurs, t.d. helsenorsk.
Grunnleggjande lese - og skriveopplæring
Kurs på dagtid
Nybegynnarkurs
Deltidskurs: 16 timar per veke 4 dagar à 4 timar (224 timar).
Kurs for vidarekomen (ulike nivå)
Deltidskurs 12 timar per veke 3 dagar à 4 timar (216 timar).
Arbeidsretta norsk
Deltidsopplæring med inntil 3 timar per veke. Dette kan vere generell arbeidslivsnorsk, helsenorsk og norsk knytt til reinhaldyrke.
Forberedende opplæring for vaksne (FOV)
Inntil 30 timar per veke i 38 veker fordelt på faga, norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag og naturfag.
Individuelt tilpassa opplæring for vaksne (spesialundervisning)
Spesialundervisning for dei som har rett på spesialundervisning etter sakkunnig vurdering. Eksempel på opplæringstilbod er grunnleggjande ferdigheiter som å lese, skrive , rekne og IKT.
Anna kan vera ADL- trening og uttale trening/samtaletrening.
Nye elevar fyller ut eit eige søknadsskjema. Du kan òg få søknadsskjema ved å kontakte Gol vaksenopplæring. Søknaden skal sendast/leverast Gol Vaksenopplæring eller eigen kommune.
Det blir teke atterhald om tilstrekkeleg tal på deltakarar på same nivå for å kunne starte kurs. Deltakarar vil bli testa og kartlagt før start.
For meir informasjon, kontakt Gol vaksenopplæring.
Kurs på ettermiddag-/kveldstid
Vi tilbyr digitale norskkurs på ettermiddag-/kveldstid.
Digitale norskkurs består av følgande komponentar:
- 2 samlingar med klassen og lærer på Teams per veke. Samlingane varer i ca. 80 minutt.
- Sjølvstendig arbeid på læringsplattform: Lingu.com. Lingu er eit digitalt læreverk for nettkurs med tekstar, grammatikk og oppgåver, alt som skal til for å dekke måla i norskplanane. Lingu.com brukast òg noko i samlingane.
- Individuell rettleiing med lærar ca. 20 minutt kvar 2.–3. veke.
- Det blir forventa at deltakarane følger progresjonen lærarane legg opp til ved å arbeide sjølvstendig på Lingu.com.
- Digitale norskkurs er nystarta og under utvikling hos oss, så det kan bli endringar på måten det blir organisert, i løpet av året.
Kontaktinformasjon
Rektor
Britt Vikane
Telefon: 32 02 92 35
E-post: britt.vikane@gol.kommune.no
Assisterande rektor
Stine Magnussen
Telefon: 32 02 92 39
E-post: stine.magnussen@gol.kommune.no