Søknader som gjeldt barnehageåret 2026/2027 blir behandla i hovudopptaket. Søknadsfristen er 1.mars og vert annonsert i Hallingdølen og på heimesida i byrjinga av februar.
De som har lagt inn søknad allereie, eller er på venteliste for endring av plass, treng ikkje å søkje på nytt. Bortsett i frå dei som ynskjer å endre allereie innsendt søknad gjeldande frå august.
De må også gjere det innan 1. mars.
Søknad om barnehageplass skal gjerast via Visma Flyt Barnehage (VFB) sin føresetteportal. Du loggar deg inn med elektronisk ID via ID portalen og det er anbefalt å nytte Edge eller Chrome som nettlesar når du fyller ut skjemaet.
Her finn du elektronisk skjema for søknad om plass:
Søknadsskjema via Visma Flyt
Dersom barnet eller forelder ikkje har norsk personnummer, må de nytte søknadskjema i papir:
Søknadsskjema uten norsk personnummer (.docx)
Innsending av konfidensielle opplysningar
Breidokk barnehage har to bygningar; hovudbygget i Tunvegen og naturavdeling Hallingmo i Gymnasvegen 700m frå hovudbygget. Er det ynskje om å prioritera naturavdeling skal det skrivast i kommentarfeltet i søknadsskjemaet.
Konfidensiell dokumentasjon til barnehagesøknaden må sendast/leverast til:
Gol kommune
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Merkast med "Dokumentasjon barnehageopptak".
Rettleiing og behandling av søknader
Etter søknadsfrist 1. mars ved hovudopptaket skjer behandlinga i mars/april.
Dei som skal halde fram med same plass og same barnehage frå 15. august skal ikkje sende inn ny elektronisk søknad.
Barnehagane har fleksibelt dagvalg, med tilbod 3-5 dagar pr.veke.
Du kan legge inn så mange søknadar du vil, men det er alltid den siste registrerte som blir teke med i opptaket.
Ikkje alle får oppfylt sin 1. prioritet ved tildeling av plass. Det er difor nødvendig å sette opp fleire barnehagar i prioritert rekkefylgje. Opptaket vert gjennomført etter vedtekne opptakskriterium. Dersom det ikkje er ledige plassar i dei prioriterte barnehagane på søknaden, vil det bli tildelt plass i ein av dei barnehagane som har ledig kapasitet. Dei som ikkje får oppfylt 1. el. 2. prioritet i hovudopptaket har rett til å sende inn klage på opptaket. Klagehandsaminga følgjer reglane i forvaltningslova.
Gol kommune har i tillegg løpande opptak gjennom heile året, sjå meir under punktet Rett til plass og Vedtekter for Gol barnehage pkt 9, opptak og opptakskriterium.
Informasjon til foreldre om søknad til ny barnehage frå januar 2027
Dersom nokon ønskjer barnehageplass i den nye barnehagen frå januar 2027, men samtidig har behov for plass allereie hausten 2026, må de vere merksame på følgjande:
- De kan berre ha ein søknad inne om gongen i systemet.
- Først må de søkje plass i den barnehagen de ønskjer for hausten 2026.
- I kommentarfeltet i søknaden skriv de at de ønskjer plass i ny barnehage frå januar 2027.
- Vi registrerer då i systemet at barnet dykkar ønskjast flytta til ny barnehage når ho opnar.
- Når de får svar på søknaden for hausten 2026 og takket ja,(hovudopptaket blir sendt ut midt i mars), må de sende inn ei ny søknad der de søkjer om plass i ny barnehage frå januar 2027.
For dykk som søkjer etter hovudopptaket 1. mars og ønskjer plass hausten 2026, vil søknadene bli behandla og svarast fortløpande.
De som allereie har barnehageplass, eller nye søkjarar som ønskjer plass frå januar 2027 i ny barnehage kan søke barnehageplass nå – men då med tidlegaste oppstart 1. januar 2027.