Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Pedagogisk arbeid, utviklingsarbeid, planar og rapportar

Felles løft steg 1 barnehage - prosjektplan og rapport

Prosjektet "Felles løft - for tidleg innsats" var eit kompetansehevingsprosjekt i samarbeid med Statped Sør Øst knytta til språkutvikling og sosial læring med oppstart i barnehagane i 2011, avslutta 2014 for barnehagane.

Målgruppa

Tilsette i barnehage, skule, PPT, helsestasjon, barnevern og barnehage-og skulekontora i kommuneadministrasjonen.

Hovudmålet med prosjektet er:

  1. Praksisendring når det gjeld å stimulere språkutviklinga til barna i barnehagen
  2. Tilsette i barnehage, skule og helsestasjonane i regionen skal ha kompetanse og rutinar for å fange opp barn med svak språkutvikling/sosial utvikling, og sette inn tiltak tidleg
  3. Etablere gode rutinar for samarbeid mellom barnehage, skule, PPT, barnevern og helsestasjon

Arbeid med språk, kommunikasjon og atferd har vore sentrale satsingsområde både i barnehage og skule i Hallingdal dei siste seks åra. Prosjektet "Felles løft - for tidleg innsats" samhandlar godt med og har vore med på å vidareutvikle tiltak som alt var i gang. Slik satsing er også i samsvar med prioriteringar og pålegg frå nasjonale styresmakter.

Framdriftsplan:

Prosjektet er delt i steg 1 barnehage, steg 2 overgang barnehage-skule, og steg 3 skule.

Steg 1: Gjeld barnehagane med samarbeidspartnarar frå 2011 til desember 2012. Steg 1 blir vidareført med fokus på "frå prosjekt til drift" i kompetansehevinga KUPP (kompetanseutvikling av pedagogiske prosessar) i barnehagane i Hallingdal (sjå eige punkt).

Steg 2: Overgang barnehage-skule, oppstart hust 2012 med både barnehagar, skular med småskuletrinn og samarbeidspartar, varar fram til desember 2014. Prosjektet blei avslutta med godkjenning av ny kommunal plan for overgang barnehage-skule.

Steg 3: Gjeld skulane frå 1.- 4. klasse førebuing og oppstart i 2014, og avslutning i 2017.

Overordna prosjektplan (PDF)

Felles løft steg 2 - overgang barnehage skule - prosjektplan og rapport

Prosjektplan steg 2 (PDF)

Rapport steg 2 (PDF)

Plan for barnehage - overgang til skule i Gol

Utval for kultur og levekår (UKL) godkjente 21.01. 2015 i sak 1/15 ny plan for overgang skule - barnehage i Gol kommune.

Gol kommunes plan for overgang mellom barnehage og skule bygger på eit omfattande forarbeid og på fleire års erfaringar.

Planen er i tråd med sentrale føringar i St.m. nr. 41 «Kvalitet i barnehagen» (2008-09), St.m. nr. 24 «Framtidens barnehage» (2012-2013) og St.m. nr. 16 «…. og ingen stod igjen» som er utgangspunkt for «Veileder Fra eldst til yngst Samarbeid og samanheng mellom barnehage og skole» frå Kunnskapsdepartementet.

Overgangsplanen er forpliktande for alle avdelingar som er omtalt i planen.

Det er viktig at planen blir eit «levande» dokument for tilsette i barnehage, skule og helsestasjon, og difor må planen bli vidareutviklast gjennom bruk av dei ulike partar.

Plan overgang barnehage/skule (PDF)

Plan for norsk språkutvikling

Eit samarbeid mellom barnehage, skule, helsestasjon og bibliotek.

Barnehage og skuleeigar har eit særleg ansvar for å sikre at barnehagane og skulane arbeider systematisk og planmessig med språkstimulering og leseopplæring. Gol kommune har utarbeida ein felles Språkopplæringsplan frå 0-16 år.

Helsestasjon, barnehage, skule og bibliotek er alle viktige aktørar når det gjelder språkstimulering og leseopplæring. Saman med heimen har dei ansvar for at barn får moglegheit til å utvikle eit godt talespråk og gode leseferdigheiter. Rammeplan for barnehagen og læreplanen «Kunnskapsløftet» gir klare føringar og mål for arbeidet med språk, kommunikasjon og ulike typar tekst.

Tidlig og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagens innhald. Skulen skal byggje vidare på det arbeidet som barnehagane har starta opp. Leseopplæringa i skulen skal skje i alle fag og på alle trinn.

For å sikre at det blir ein samanheng i språk-og leseopplæringa, valde kommunen å lage ein plan som gjelder for heile læringsløpet frå 0-16 år. Planen skal væra eit grunnlag for det daglege arbeidet med språkstimulering og lesing i barnehage og klasserom. Den skal trekkje linjer frå dei overordna måla til det praktiske arbeidet.

Planen er delt i ein barnehagedel, 0-6 år og ein skuledel, 1.-10.trinn.
Planen er strukturert i hovudområda:

  • lytte og forstå
  • uttrykke seg munnleg
  • lese og skrive

Det er satt opp mål for kva ein forventar at barnet skal meistre på dei forskjellige trinna, men det er viktig å hugse at barn utviklar seg i ulikt tempo. Det er ramsa opp aktivitetar som ein bør ha fokus på for å nå måla.

Kartlegging og observasjon er ein del av arbeidet i barnehage og skule. Planen har med kartleggingstestar og forslag til anna kartleggingsmateriell. Nært samarbeide med foreldre er viktig for at de skal kunne bidra til god utvikling for eigne barn.

Det er laga eigne oversikter over samarbeid med biblioteket og helsestasjonen. PPT er ein viktig samarbeidspart i dei tilfella der ein bekymrar seg over utviklinga av språk eller lesing hjå eit barn.

I planen finns det også forslag til hjelpemidlar som ulik litteratur eller materiell som kan væra til hjelp og støtte for pedagogar, andre tilsette og foreldre. Det er viktig å ha fokus på gode overgangar mellom barnehage og skule, og mellom klassetrinn.

Spørsmål rundt planen kan rettast til barnehage og skule.

Les plan her (PDF)

KUPP - kompetanseutvikling av pedagogiske prosessar

KUPP er ein årleg kompetansesatsing for barnehagetilsette i Hallingdal som vidareførar arbeidet etter utviklingsprosjektet «Felles løft for tidleg innstas».

Temaene byggjer på kvarandre:

2014-2015: Psykososialt miljø i barnehagen som førte til ny plan mot utestenging og mobbing i barnehagane.

2015-2016: Psykososialt miljø vidareført med temaet Psykisk helse; spesielt barn som er pårørande til psykisk sjuke foreldre.

2016-2017: Psykisk helse vidareført med korleis personalet og foreldre kan styrke det einskilde barnet si psykiske helse ved å lære om «Trygghetssirkelen» (COS). Dette handlar m.a. om kor viktig det er at vaksne gjer barn mykje omsorg og samtidig er tydelege i sin grensesetting overfor barna; er autoritative vaksne.

2017-2018: Innføring av ny rammeplan for barnehagane med spesielt fokus på innhaldet livsmeistring og bærekraft.

2018-2019: Livsmeistring og Inkluderande barnehage -  og skulemiljø; nasjonal satsing pulje 2

2019-2021: Vidareføring av Livsmeistring og Inkluderande barnehag -  og skulemiljø; nasjonal satsing pulje 4

Kompetanseutvikling i oppvekstsektoren (PDF)

Plan mot utestenging og mobbing - "saman i barnehagen"

Plan mot utestenging og mobbing - "saman i barnehagen" (PDF)

Likestilling i barnehagen

Hallingdal har eigen MiB - gruppe (Menn i barnehage) der alle menn som jobbar i barnehage får tilbod om å væra med på 2-3 møter i året.

Plan for likestilling for barnehagane i Gol (PDF)

Trafikktryggleik for barn i Gol barnehage

Trafikksikre barnehagar (PDF)

Revidert trafikkplan 2019 (PDF)