Normal opningstid kl. 07.30 - 16.30, kan utvidast til å gjelde frå kl. 07.00 - 17.00, sjå meir utfyllande informasjon under vedtekter, § 6 (PDF) om opningstider.
Gol barnehage (alle dei tre barnehagane) har stengt måndag, tysdag og onsdag i påskeveka.
I jula er alle dagane f.o.m julaftan og t.o.m 1. nyårsdag stengt.
I andre feriar er minimum ein barnehage open for å gje tilbod til alle som har behov.
Sjå meir informasjon om ferie i vedtektene, § 14 (PDF).
Barnehagane har stengt 6 planleggingsdagar i året som blir fastsett i samarbeidsutvalet for Gol barnehage.
For 2026 er det desse planleggingsdagane:
- Fredag 2. januar
- Måndag 23. mars
- Fredag 15. mai
- Torsdag 13. august
- Fredag 14. august
- Onsdag 11. november
Planleggingsdagar vert bestemt på møte i samarbeidsutvalet i mars/april.