Med ein styrka identitet vil barna i Gol kunne møte menneske frå ulike kulturar og nasjonar med eit positivt menneskesyn. Ei av barnehagane si hovudoppgåve er å vera med å gje barna ein basiskompetanse innan kommunikasjon og sosial handlingsdugleik.
Gjennom leik og kvardagsaktivitetar i barnehagekvardagen får barna myskje god læring, trening i å omgåast andre, løyse konfliktar, utvikle vennskap og å finne sin plass i ei gruppe.
Førskulealderen er den viktigaste perioden for utvikling av talespråket. Å stimulere til at barna brukar og utviklar språket, er ein av dei prioriterte oppgåvene til dei tilsette.
Barnehagane skal også sørgje for at barna får erfaringar innanfor fagområda:
- Kommunikasjon, språk og tekst.
- Kropp, rørsle, mat og helse
- Kunst, kultur og kreativitet
- Natur, miljø og teknologi
- Etikk, religion og filosofi
- Nærmiljø og samfunn
- Mengd, rom og form
Kvart år utarbeider avdelingane ein årsplan for arbeidet sitt. I løpet av året skal ein ha vore innom alle fagområda, lagt opp etter barna sin alder og interesser. I tillegg er det utarbeida ein felles årsplan for heile Gol barnehage som tek utgangspunkt i rammeplan for barnehagane i Noreg. Innhald er likt for alle barnehagane våre.
Alle dei kommunale barnehagane har 5-årsgrupper for å førebu til skulestart. Dei har også samarbeid med skulen våren før skulestart.
Samarbeid med heimen. Det er foreldra som kjenner barnet best. Barnehagen skal støtte heimen i arbeidet med å gje barna ein god utvikling.
Det finst ulike måtar å samarbeide på:
- Dagleg kontakt ved henting og bringing.
- Foreldresamtaler om det enkelte barn.
- Foreldremøte for heile foreldregruppa.
- Foreldreråd -felles organ for alle foreldre (lovfesta)
- Foreldra sin medverknad i samarbeidsutval for barnehagen (lovfesta), ein representant frå kvart barnehagehus.
- Uformelle samankomster som foreldrekaffi, dugnader, samlingar til jul og sumars.