Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Svøotunet Barnehage - frå januar 2027

Den nye barnehagen med oppstart i januar 2027 ligg sentralt plassert ved Gol skole og Gol idrettsanlegg (GIA).

 

Alle som ønsker barnehageplass frå januar 2027 kan søke – både nye barn og barn som allereie har barnehageplass.

Barnehagen er nå tilgjengeleg som val i Visma Flyt Barnehage:
Innlogging for Gol: Foresattportal

Barn som blir søkt inn ved hovudopptaket 1. mars 2026 vil bli prioritert i opptaket.

  • Barnehagen vil ha opptil seks avdelingar.
  • Den er godkjend for inntil 108 plassar.
  • Det blir fire småbarnsavdelingar for barn 1–3 år og to avdelingar for barn 3–5 år.
  • Avdelingane og barnehagen vil få namn før oppstart i januar 2027.

Dei fire småbarnsavdelingane ligg i 1. etasje. Dei to avdelingane for store barn ligg i 2. etasje.

Barnehagen får store, felles inne- og uteområde. Nærmiljøet gir tilgang til flotte idrettsarenaer og eit variert friluftsområde med spennande natur.

Sjå prosjektsiden for Svøotunet Barnehage her

Kontaktinformasjon

Styrar

Marita Magnetun

Telefon: 480 24 412

E-post: marita.magnetun@gol.kommune.no