Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Barnas hus - frå januar 2027

Den nye barnehagen med oppstart i januar 2027 ligg sentralt plassert ved Gol skole og Gol idrettsanlegg (GIA).

Alle som ønsker barnehageplass frå januar 2027 kan søke – både nye barn og barn som allereie har barnehageplass.

Barnehagen er nå tilgjengeleg som val i Visma Flyt Barnehage:
Innlogging for Gol: Foresattportal

Barn som blir søkt inn ved hovudopptaket 1. mars 2026 vil bli prioritert i opptaket.

  • Barnehagen vil ha opptil seks avdelingar.
  • Den er godkjend for inntil 108 plassar.
  • Det blir fire småbarnsavdelingar for barn 1–3 år og to avdelingar for barn 3–5 år.
  • Avdelingane og barnehagen vil få namn før oppstart i januar 2027.

Dei fire småbarnsavdelingane ligg i 1. etasje. Dei to avdelingane for store barn ligg i 2. etasje.

Barnehagen får store, felles inne- og uteområde. Nærmiljøet gir tilgang til flotte idrettsarenaer og eit variert friluftsområde med spennande natur.

Sjå prosjektsiden for Barnas Hus her

Ønskjer plass i nye barnehagen frå 2027, men behov for plass allereie fra hausten 2026?

Da må de vere merksame på følgjande:

  • De kan berre ha ein søknad inne om gongen i systemet.
  • Først må de søkje plass i den barnehagen de ønskjer for hausten 2026.
  • I kommentarfeltet i søknaden skriv de at de ønskjer plass i ny barnehage frå januar 2027.
  • Vi registrerer då i systemet at barnet dykkar ønskjast flytta til ny barnehage når ho opnar.
  • Når de får svar på søknaden for hausten 2026 og takket ja,(hovudopptaket blir sendt ut midt i mars), må de sende inn ei ny søknad der de søkjer om plass i ny barnehage frå januar 2027.

For dykk som søkjer etter hovudopptaket 1. mars og ønskjer plass hausten 2026, vil søknadene bli behandla og svarast fortløpande.

De som allereie har barnehageplass, eller nye søkjarar som ønskjer plass frå januar 2027 i ny barnehage kan søke barnehageplass nå – men då med tidlegaste oppstart 1. januar 2027.