Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Behovskartlegging

Korleis vil du at Gol sentrum skal være?

golsentrum.jpg

Vi skal lage ein plan for Gol sentrum

I samband med revidering av samfunnsdelen og arbeidet med tettstads- og sentrumsutvikling på Gol, skal vi i avdeling for plan og utvikling gjennomføre ein behovskartlegging av Gol sentrum.

Målet er å finne ut kva du som innbyggjar meiner om sentrum, kva du likar eller ikkje likar, kva du meiner kan bli betre og kva du drøymer om i sentrum. På den måten kan du vere med på å påverke innhaldet kommunen sitt planarbeid og prosjekt vidare.

For å lage ein god plan, treng vi litt hjelp av deg!
Svar gjerne på spørjeundersøkinga under.

Behovskartlegging for Gol sentrum (forms)

Korleis gjennomfører vi kartlegginga?
  • Digital spørjeundersøking – open for alle innbyggjarar
  • Oppsøkande intervjuar – intervju med representantar frå ulike brukargrupper
  • Gjennomføring av Barnetråkk – allereie gjennomført i 5. og 7. trinn
  • Stand med politikarar – laurdag 22. november
Kva for brukargrupper har vi?
  • Unge golingar
    • Barneskuleelevar
    • Ungdomsskuleelevar
    • VGS – elevar
  • Vaksne golingar
    • Unge vaksne – under 40 år
      • Studentar/folkehøgskuleelevar
      • Nye golingar – har budd her mindre enn 5 år
      • Attendeflyttarar
    • Foreldre
    • Den gjengse goling
    • Næringsgolingar
    • Eldre
    • Hyttegolingar
Når går kartlegginga føre seg?

Intervjuar og møter vil bli gjennomført i perioden 17. – 30. november

Kva skjer etter kartlegginga er gjennomført?

Alle resultat blir gjort anonyme innanfor si gruppe. Resultata blir samanstilt i ein rapport som blir gjort tilgjengeleg for alle på denne sida. Rapporten skal brukast som underlag i det vidare arbeide med samfunnsdelen og arbeidet med tettstad- og sentrumsutvikling.

Kven kan eg kontakte dersom eg lurer på noko om kartlegginga?

Pernille Landrø, Kommunearkitekt

pernille.landro@gol.kommune.no

Sist endret: 12.11.2025