Kontakt oss Ledige stillingar

Til og frå skulen - SFO

Bringing og henting til SFO

Dei som skal køyre ungane sine til SFO, må bruke parkeringsplassen på nordsida av skulen, og følgje inn til elevgarderobane på vestsida av skulebygget.

Skuleskyss

All skuleskyss med buss eller drosje skal gå til og frå Skysstasjonen.
Det vil vera personale på plass her frå kl. 08.00 om morgonen og mellom kl. 13.00 og fram til siste buss på midtskyssen har gått.

Elevane går mellom skulen og skysstasjonen.

Kiss and ride

Skulen ynskjer at flest mogleg elevar skal gå til skulen. Dersom nokon likevel må køyre ungane sine til skulen, må dei køyre inn på den såkalla "kiss & ride"- avkøyringa som er laga til ved innkøyringa til samfunnshuset.

Parkering på nordsida av skulebygget er berre for skulens personale og dei som skal bringe og hente på SFO.

Her er ei kartskisse (PDF) som visar korleis skulen ynskjer du skal hente og levere med privatbil.

Oversiktskart adkomst til Gol skule (PDF)