Kontakt oss Ledige stillingar

Lekser

Kvifor har vi lekser?

  • Lekser bidrar til å utvikle elevanes arbeidsvanar, evne til planlegging og sjølvstendig problemløysing.
  • Lekser gir moglegheit til å gjennomføre eit arbeid i fred og ro i eige tempo.
  • Lekser gir mengdetrening på viktige område som lesing, rekning og språkinnlæring.
  • Lekser gir foreldra høve til å følgje med på og støtte opp under elevanes læringsarbeid.

Viktige forutsetningar for læring med lekser

  • Lekser gir mest læring når lærestoffet blir gjennomgått først på skulen eller skal vera førebuing til gjennomgang av nytt stoff på skulen.
  • Lekser bør så langt som råd vera kjent stoff eller individuelt tilpassa.
  • Elevane bør få tilbakemeldingar på heimearbeidet.

Ulike barn, ulike lekser

Leksene skal i hovudsak være trening i kjent stoff. Ulike barn treng ulik trening.
Derfor kan elevar i same klasse ha ulike lekser. Enkelte elevar har i tillegg eigne tilpassa veke planer.

Dersom føresette meiner at eleven over tid brukar for mykje eller for lite tid eller at leksesituasjonen er vanskeleg, bør ein ta dette opp med kontaktlærar.

Leksemengda kan tilpassast i samråd med heimen og faglærarar.

Oppfølging av lekser

Målet med lekser er læring og trening i lærestoffet.
Dermed er målet oppnådd ved at elevane faktisk gjer leksene.
Det er viktig at elevane får ei tilbakebakemelding på utførte lekser.

Dette kan vera retting, ein liten skriftleg kommentar, eit symbol eller munnleg tilbakemelding.

Lærarane vil, ut fra sitt profesjonelle skjønn, vurdere korleis oppfølginga og rettinga av lekser blir.

Foreldra sitt engasjement i elevanes læring

For at elevane skal oppfatte skule og læring som viktig, er føresette sitt engasjement avgjerande.

Skulen håpar at føresette vil

  • bidra til gode arbeidsvanar med tanke på tidspunkt og arbeidsro rundt lekser
  • lese vekeplanane
  • bidra til at elevane frå 1.-4. trinn les høgt for ein vaksen
  • vera positive til skule og leksearbeid
  • bidra til ein tett og god dialog med skulen
  • ta kontakt med skulen ved behov

Lekser på småskuletrinnet

  • Leseleksa er den viktigaste Det må lesast kvar dag, helst saman med ein vaksen.
  • Andre lekser kan vera øve stykkje i matematikk og øving på gloser i engelsk.
  • Leksene bør ikkje ta meir enn ein halv time kvar dag.
  • Elevane får vekeplan kvar fredag.

Lekser på mellomtrinnet

  • Lesetrening er framleis viktig. Det bør lesast kvar Dette kan også vera fagtekstar i andre fag enn norsk.
  • Øve oppgåver i matematikk og engelsk.
  • Leksene kan vare frå ein halv til tre kvart time om dagen.
  • Fram mot ei varsla prøve, prosjektoppgåver eller lengre skriftlege arbeid kan det gå noko meir tid.
  • Elevane får vekeplan kvar kvar fredag.

Lekser på ungdomstrinnet

  • Elevane kan få oppgåver der lærestoffet ikkje er gjennomgått på skulen på førehand, for at elevene skal starte ein refleksjon før ein drøftar vidare på skulen seinare.
  • Leksene kan ta 1-2 timar om dagen.
  • Fram mot ei varsla prøve, prosjektoppgåver eller lengre skriftlege arbeid kan det gå noko meir tid.
  • Elevane får vekeplan for to veker annankvar måndag.

Drøfta i FAU, fellesmøte for lærarar og i samarbeidsutvalet ved Gol skule, våren 2018.