Kontakt oss Ledige stillingar

Søknad om elevpermisjon/skulefri

Du skal nytte elektronisk skjema i Visma om du skal søkje fri for eleven i meir enn tre skuledagar.

Skjema finn du ved å logge inn her:

Visma Flyt Skole (skole.visma.com)

Fråvær til og med tre dagar skal de skrive på melding i visma app til kontaktlærar.

Opplæringslova § 2-11 seier følgjande om permisjon frå den pliktige opplæringa;
Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Ved søknad om fri utover 2 veker skal eleven skrivast ut frå skulen. Det bør i slike tilfelle opprettast ein samarbeidsavtale mellom eleven og skulen. Det er ein føresetnad at denne avtalen ikkje påfører skulen/kommunen eit juridisk eller økonomisk ansvar.

Vi minner om opplæringslova §2-11 om permisjon frå undervisninga der det heiter:
” Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute”

I samråd med kontaktlærar vert søknaden om skulefri stetta med det vilkåret at det er foreldra som er ansvarlege for at barna får nødvendig undervisning ved permisjon frå undervisning.

Kontaktlærar/faglærar gir råd og rettleiing om kva bøker og fagstoff ein bør arbeide med i fråværsperioden.